Kristnebleie (dåpssmekke)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristnebleie (dåpssmekke) frå Onarheim, Tysnes i Sunnhordland. Ca. 1850.
Foto: Britt Kjellesvik Rage

Kristnebleie var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet med å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Kristnebleien var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekken var utbreidd særleg på Vestlandet, frå Vest-Agder og langs kysten til Sogn og Fjordane. Det finst også nokre få døme på dåpssmekker frå Telemark og Aust-Agder, men desse er av ein mindre type.

Variasjonar

Brystduken har gått under forskjellige namn og har gjerne hatt ein ulik form, alt etter dei ulike landsdelane. På Vestlandet har ein gjerne nytta omgrepet «kristnaduk», mens ein i Agder har brukt termen «smykke». Men som oftast har ein kalla denne brystduken for «bleie» eller «kristnebleie», truleg eit namn som har vorte overført frå ein tidlegare type plagg, det kvite dåpslakenet som vart kalla bløye eller bleie. Kristnebleien må difor vera av yngre type enn dåpslakenet.

Vern mot vonde makter

Agdertypen er gjerne meir avrunda i formen samanlikna med vestlandstypen, som er trapesforma og typisk prega av rette liner. Begge kan ha ei svak utringing i halsen. Smekkene er som regel laga av raudt ullstoff, klede, vadmål, ulldamask eller glansa tøy, med kanting av silke eller fløyel i blått, grønt eller svart. Innanfor kanten vert det raude midtfeltet ramma inn av metallband eller metallknipling i sølv eller gull, som også går diagonalt over smekken og dannar skråkors og rombeforma felt. Metall er eit velkjend vern mot vonde makter. Innanfor desse glitrande rammene får fantasien fritt spelerom, og ei rekkje ulike materialar vert tekne i bruk.

Dekoren er eit uttrykk for folkeleg tru og forestilingar, i ei samanblanding av sansen for det festlege og dekorative i møte med det magiske i teiknsymbolar og materialar. Det er ei nærast grenselaus oppfinnsomheit, med det ønskjet å pryda og beskytta barnet. Av tradisjonelle dåpsplagg er det kristnebleien som fortel mest om folkelege oppfatningar om vonde makter og verneråd.

Forutan det innsydde metallet finn me gjerne småperler og perlemor i knappar, som har samanheng med innslaget av draktmote frå 1600-talet som også har heldt seg i folkedraktene vestpå. Ornament av glas og små speil kan ein også finna. Speilet kan kanskje erstatta plater av sølv, men kanskje det også var slik at dei vonde vart skremde av å sjå seg sjølv?

Likearma kors og diagonalkors er dei vanlegaste symbola. Det er eldgamle teikn med ein kristen symbolikk. Åttebladsroser, romber, kvadrat og stjerne om kvadrat er gamle motiv i folkekunsten. Den raude botnfargen har mest truleg ei beskyttande hensikt.

Datering av bruk

Nokre få smekker er forsynt med årstal og kan såleis fortelja noko om dateringa av bruken. Den tidlegast kjende dateringa er 1714, frå Lavik i Sogn, medan dei fleste smekkene med årstal er frå ca. 1800-1850. Skikken med kristnebleier heldt seg truleg fram til 1900. Dåpssmekkene er i slekt med dei norske bruresmekkene av raudt ullstoff og med utsmykking med metall og band, og kan ha blitt utvikla sidan 1600-talet, ettersom me finn ei fullt ferdig utvikla dåpssmekke frå 1714.

Kjelder og litteratur