Kulturminne langs Sognefjorden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart over Sognefjorden.
På veg utover Sognefjorden. Kongaleget er passert. Foto: Jan Magne Rinde
Fimreite. Kongaleget ligg rett over på sørsida av Sognefjorden-.Foto: Jan Magne Rinde

Kulturminne langs Sognefjorden er ei kulturminneløype i Sogn og Fjordane, som vart til i samband med Kulturminneåret i 2009. Løypa vart laga av Sogn fjordsymjeklubb, og tek sikte på å gi dei som tek ho i bruk ei ny oppleving av landskapet og kulturskattane langs Sognefjorden gjennom padling og symjing.

Løypeinformasjon

  • Framkomstmiddel: Kano/kajakk/symjing
  • Arrangør: Sogn Fjordsymjeklubb
  • Fylke: Sogn og Fjordane
  • Kommune: Leikanger
  • Namn: Sarah Jane Hails

Holmen i Balestrand

Holmen i Balestrand er eit veleigna utgangspunkt for ei fjordbasert jakt på kulturminne. Turistkontoret i Balestrand vil med glede fortelja om kulturminna i kommunen. Eitt av desse er minnesteinen ved Kviknes Hotel, som vart reist i 1911, til minne om skipinga av Fylkesbaatane i 1858. Turistkontoret har informasjon om båt- og kajakkutleige.

Tjugum kyrkje

På nordsida av Esefjorden ligg Tjugum, som er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Tjugum kyrkje er eit flott syn. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.

Dragsvik ferjekai

Padlar du vidare rundt Veganeset, neset mellom Esefjorden og inngangen til Fjærlandsfjorden, må du passe deg for ferjene! Ferjer er eit kvardagssyn for folk i Sogn og Fjordane, men fram til 1940 var det verken veg eller ferjesamband i dette området. Dragsvik ferjekai vart ikkje bygd før i 1956 . etter at vegen frå Vetlefjorden til Balestrand var ferdig. Sidan ferjesambandet blei opna i 1940 (to år etter Gaularfjellsvegen), har det betydd mykje for utvikling av næring og turisme, og for kvardagen til folk i området.

Laksegilja ved Hella

Frå Dragsvik om du ikkje tar turen nordover til Farnes, Sværefjorden og Vetlefjorden, kan du ta ei sjømils kryssing over til Hella. Hella er den eine av tre ferjekaiar i dette fjordavsnittet, dei andre er Dragsvik og Vangsnes. Der vil du sjå ein landfast installasjon....ei laksegilje. Dei fleste laksegiljene er borte no. Fram til førre hundreåret stod laksegiljene tett i Midtre Sogn. Gjennom hektiske sommarveker blei giljene brukt til å fanga vandrande, gytande laks.

Kvinnefossen

Kvinnefossen ("Kvinnao") aust for Hella ved Eitorn vart i 1955 freda for utbygging, og i 2006 vart områda på begge sider av fossen freda. Fossen har et fritt fall på 120 meter. Namnet skal koma av at vatnet av og til deler seg på ein hammar nede ved sjøen, slik at det kjem fram ein tydeleg kvinneskapnad med ei bør på ryggen. Ei anna forklaring er at fossen kvin (eller pip) når han er stor. Ved utløpet var det tidlegare vanleg å fiska laks med kilenot.

Suppam Sjøbu

Litt aust for Kvinnefossen ligg Suppam, ein av de beste laksefiskeplassane langs Sognefjorden. Den store sjøbua i bukta vart brukt til å lagre fiskeutstyr om vinteren. Ser du mot neset, kan du framleis sjå restane av ei laksehytte.

Kalsviki badeplass

Om lag 9 km frå Hella finn du flotte svaberg - ideelle for soling, bading og stuping på varme dagar. Det er òg tilkomst frå land; hopp av bussen ved Ytre Grindsstrondi og nyt eit forfriskande fjordbad!

Grinde ferjekai

Når du nærmar deg Grinde, blir du var suset frå Grindselvi. Aust for elva ligg ein gamal kai, som før var ein viktig ferjestopp i Midtre Sogn. Frå Grinde dampskipskai tok ein ferje til Vetlefjorden, og etter 1956 til Balestrand. Kaien hadde òg ein butikk.

Fruktlageret i Leikanger

Frå Grinde padlar du innover fjorden mot Leikanger – ei tradisjonsrik fruktbygd. Den låge bygningen du ser ved Hamre, like før Leikanger kai, rommar eit fruktlager.

Hanahaug

Hanahaug (Leikanger kai) er ein gamal gjestgjevarstad. I 1858 fekk Hanahaug dampskipskai, som gav grunnlag for hotell og bakeri. Leikanger Fjordhotell blir framleis drive av familien Lie.

Baldersteinen

Frå Hanahaug kan du spasere ein liten tur langs Strandavegen eller padla vidare til du kjem til gravplassen i Leikanger. Der står landets største monolitt, ein stein på høgkant. Baldersteinen er nesten 8 meter høg, og vart reist før vikingtida – truleg for å markera stadens økonomiske og politiske makt. Ei informasjonstavle fortel om steinen, og om sagaheltane Fridtjov og Ingeborg.

Tinghuskomplekset

Leikanger kyrkje, ei gamal steinkyrkje, er frå 1250-talet. Ho ligg kloss i ein flott prestegard med ein hage full av sjeldne tre. Etter kyrkja kjem ein til ei arkitektonisk spennande klynge med offentlege kontorbygg: Tinghus I (1938), Tinghus II (1956) og Tinghus III (1966). Dei to yngste står no tomme, men fram til 2005 husa dei Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Ein del av byråkratane hadde for vane å ta eit lunsjbad om sommaren og fekk slik sansen for fjordsymjing. Aust for tinghusa står den gamle skrivargarden, og bak den eit imponerande eiketre, Skrivareiki. Til høgre for eika ligg eit kontorbygg frå 1990, der Direktoratet for forvaltning og IKT held til.

Fylkesmannsgarden på Nybø

Fylkesmannsgarden på Nybø er ein gamal embetsmannsgard i Leikanger kommune. Ved Fylkesmannsgarden finn vi eit gamalt badehus frå rundt 1900 og ei gammal sjøbu som i dag blir brukt til oppbevaring av kajakkar. Her kan ein òg sjå ein nyare bautastein som står over ei grav frå folkevandringstida.

Henjaelvi

Padlar eller sym du frå Fylkesmannstrondi langs land i retning Nokkaneset, passerer du Henjaelvi. Denne flotte elva er ideell for kajakkleik der vassføringa møter fjorden. Ein kan padle til opp under brua på normalt vatn. Lokale fjordsymjarar brukar straumane frå elva og det kalde smeltevatnet til trening før Sognefjord Swim Festival.

Grauthaug

Pass opp for båtar når du rundar Nokkaneset! Her har systrendingane bygd på båthamna si med steinmassar frå Fatlatunnelen. Neste punkt på løypa er Grauthaug. Det eldste namnet er "Grjothaug", steinhaug, som vitnar om mange generasjonars steinrydding. For dagens bilistar er Grauthaug ein rasteplass, men før bilen si tid stod det eit lakseverp her. Er du heldig, kan du sjå kobbar som slappar av på svaberga i dette området.

Fatlafossen

Fatla er namnet på elva som munnar ut i Fatlaviki. Fatlafossen er eit ferskt døme på ommøblering av landskap. Fatlaberget er eit rasfarleg område, og i 2008 vart den etterlengta Fatlatunnelen opna for å gjere strekninga Leikanger-Sogndal tryggare. Sprenging i samband med tunnelarbeidet framheva den vakre Fatlafossen. Fossen har fått namnet sitt fordi han blir todelt ved stor vassføring.

Sognefjordspennet

Ved Sognefjordspennet og Rabneberg. Ein kabel fall ned på slutten av 1950-talet, og han ligg langs fjellsida ned til fjorden.

Ser du opp medan du passerer Fatlaberget, kan du kan lata deg imponera over verdas lengste kraftlinespenn, bygd i 1955 mellom Fatlaberget og Rabneberg. Det tok 20 dagar å strekkje det over fjorden. Kvar kabellengd er kring 5050 meter og kablane skal hengje minst 60 meter over fjorden ved flo sjø.

Sørengjerdebyn og trollet

Padlar du innover Sogndalsfjorden i retning Slinde og Nornes, tenk på Sørengjerdetrollet! Det blir sagt at ein bonde slo i hel drengen sin og slengde han ned i Sørengjerdebyn, eit hol i fjellet. Der bur Sørengjerdetrollet den dag i dag.

Nornes

Stig du i land ved naustrekkja på Nornes, kan du ta en kikk på minnesteinen som Kong Olav V avduka i 1984. Steinen er til minne om slaget ved Fimreite, der kong Sverre kjempa mot Magnus Erlingsson 15.juni 1184. Begge gjorde krav på å bli konge av Noreg. Magnus hadde 26 skip, Sverre berre 14. Likevel var det Magnus som tapte. Med dette slaget, som er det best skildra i vikingsagaene, vart det gamle aristokratiet nesten utsletta. På nordsida av Nornes ligg ei flott badestrand.

Fimreiteholmane

Kryssar du over til austsida av Sogndalsfjorden, ser du nokre vakre holmar. Holmane er ikkje berre kulturhistorisk sentrale på grunn av slaget ved Fimreite. Dei er òg ein attraktiv møteplass for sjøfugl. I tida frå 1. april til 31. juli er det forbode å gå i land og ferdast på alt landareal her og i ei sone ut til om lag 50 meter frå land.

Meisen

Meisen med fyrlykta på neset er ein spennande stad mellom Fimreite og Haugaviki. Det er ideelt å gjere strandhogg, og sola er lenge oppe om sommaren. Frå Meisen kan du krysse Sognefjorden under spennet over til Kongaleget.

Kongaleget

På sørsida av Sognefjorden, mellom Fresvik og Feios, finst det ein mørk og kald stad under det stupbratte henget. Her blir det sagt at Magnus Erlingsson låg og venta på det rette tidspunktet for å slå til mot kong Sverre. Magnus hadde høyrt at Sverre var i Sogndal for å slå ned eit opprør som hadde teke livet av to sysselmenn.

Kongaleget mellom Feios og Fresvik. Foto. J.M. Rinde

Løneset, Borlaug

Borlaug er startarena for Sognefjord Challenge, ei kryssing på 3,7 km for symjarar med følgjekajakk under Sognefjord Swim Festival. Kaien vart nyleg restaurert av grunneigar Leif Eikeland. Før i tida hadde bøndene på Njøs i Leikanger slått graset her. Fram til 1992 høyrde området til Leikanger kommune; i dag høyrer det til i Vik kommune.

Feios kyrkje

Feios kyrkje er teikna av ein kjent arkitekt J.W. Nordan, og bygd i 1866. Da ein ny kyrkjestil skulle introduserast etter Eisenach-regulativet, vart kyrkja bygd i den tradisjonen. Kyrkja er bygd i nygotikk og sveitserstil. Tårnet og spiret på kyrkja minner sterkt om arkitekturen i Roskilde domkyrkje. Kyrkja er listeførd som ei av få nyare kyrkjer langs Sognefjorden. Rinde stavkyrkje låg på same staden. Da ho vart riven, vart Leikangerkrusifikset sendt til Bergen museum.

Løneset, Borlaug. Mot Kongaleget

Feios skule

Padlar du vestover frå Borlaug kjem du til Feios skule, kloss i fjorden. Her er det mykje liv under opninga av Sognefjord Swim Festival i august. Feios er ei triveleg, lita bygd med ca. 240 innbyggjarar.

Feiosbui

Ved munninga av Feioselvi ligg butikken i Osen, som bygdafolket er flinke til å hegna om. Her ligg òg ein gamal dampskipskai. To gamle stover i berget over butikken, Astridstova og Randistova, går attende til 1700-talet. Vil du vite meir om bygda, berre spør på Feiosbui!

Tømmerkaien

Vestover frå Feios passerar du eit relativt nytt hamneanlegg. Det blei bygd for å henta ut dei store tømmerressursane i denne delen av fjorden. Hamna er òg ein god fiskeplass!

Kaldagjelet

Padlar du et par kilometer frå tømmerkaien, vil du finne ein gamal lakseplass. Her stod eit lakseverp før. Laksehytta står framleis, og restane etter fangstanlegget ligg i fjøra.

Sterk straum

Når ein nærmar seg Vangsnes, må ein vere medviten om den sterke straumen i dette fjordpartiet. Fjordsymjing bør du gjere andre stader!

Fridtjof-statuen

I det du rundar Vangsnes, vil du sjå statuen av sagakongen Fridtjof den frøkne, ein imponerande vikinghelt frå 700-talet. Det var Keisar Vilhelm II av Tyskland som fekk reist denne statuen i bronse. Statuen var ei gåve til bygda i 1913, og ragar 20 meter over bakken. Eit flott musikkspel basert på Fridtjofsagaen vart arrangert her sommaren 2008.

Vangsnes

Vangsnes er ei bygd, eit kyrkjesokn og ein ferjestad i Vik kommune. Garden Vangsnes har truleg namnet etter Vangsen 'plogskjeret', eit skjer i sjøen utanfor Vangsnes. Staden er mest kjend for den store statuen av Fridtjof den frøkne, som keisar Wilhelm II av Tyskland fekk sett opp i 1913.

På Vangsnes kan ein velja å avrunda turen med å lempa kajakken ombord ferja og nyta ein tur med kollektivtransport til Dragsvik.

Vikøyri

Om du vel å fylgja fjordkysten frå Vangsnes til Vik, flyt du forbi fleire flotte campingplassar og nyare sjøbuer. Ved Vikøyri kan du stiga i land og utforska kulturminne i dusinvis. Den gamle strandsitjarplassen er godt ivareteken. Lenger innover i bygda finn du Hopperstad stavkyrkje og Hove steinkyrkje, som begge er frå 1100-talet.

Liktvorane i Vik

Etter ein stopp i Vik, kan ein padle utover Vikjabukti til Liktvorane. Under andre verdskrig hadde tyskarane ein vaktstyrke på Liktvorane. I 2004 stranda fjordsymjaran Lewis Gordon Pugh her etter eit forsøk på å krysse Sognefjorden frå Vangsnes til Målsnes.

Kvamsøy

Viss vêrforholda er gode og det er lite trafikk på fjorden, er det mogleg å krysse Sognefjorden i kajakk frå Liktvorane til Kvamsøy. Djupna midtfjords er 1170 meter. Kvamsøy kyrkje, bygd i stein, er frå kring 1300, og står på den vesle øya Kvamsøy i Balestrand. Den lekre badeplassen ved Kvamsøy bør prøvast!

Flesje gard

Lokalhistorikar Gunnar Urtegaard frå Balestrand skriv at «Garden Flesje ligg ved sjøen kring 5 km vest for Balestrand sentrum. Frå den lune vika framføre hovudhuset har vakre robåtar lagt ut på kyrkjeferd. Her har det vore poststad og stoppestad for dampbåten. Framføre hovudhuset spaserte både Wergeland og Gude og let seg imponera av den vakre staden og det makelause utsynet over den opne Sognefjorden». Frå vatnet kan du gjera det same!

Sveitsarvillaer i Balestrand

Kunst og Balestrand går hand i hand, og sveitsarvillaene langs fjorden vitnar om den rike kunst- og reiselivsperioden sist på 1800-talet. Norske og utanlandske målarar brukte Balestrand som base og fjordnaturen som inspirasjon. Målaren Hans Dahl var blant dei som hadde sommarvilla i bygda, bygd i sveitsarstil.

Engelskkyrkja – St. Olafs kyrkje

Stig du i land ved moloen til Kviknes Hotel, får du med deg dei siste kulturminna i kulturløypa vår. Kviknes Hotel og St. Olafs kyrkje er begge rike på kulturhistorie. Kyrkja vart bygd i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje. Det var den kvinnelege klatrepioneren Margaret Sophie Green, kona til hotelleigar Knut Kvikne, som var opphavet til kyrkja. Arkitekt Jens Zetlitz Kielland laga teikningane. Kyrkja er driven av Church of England. Kvar sommar forrettar anglikanske prestar i den vesle trekyrkja.


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Kulturminne langs Sognefjorden er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.