Kvam (Jostedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvam
Kvam.JPG
Alt. namn: Hanehaug
Rydda: ca 1887
Stad: Jostedalen
Sokn: Jostedalen
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 208
Bnr: 4

Kvam (Luster, gnr. 208/4) er eit gardsbruk i Krundalen i Jostedalen, Luster kommune. Bruket høyrer under matrikkelgarden Kruna. Kvam sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963.

Kvam vart rydda som husmannsplassen Hanehaug kring 1887, eit par hundre meter vest for hovudtunet på garden. Parsellen vart utskild frå Kruna (bnr. 1) den 19.10.1909 i samband med den store delinga av garden.

Kjelder og litteratur

  • «Hanehaug» i folketeljinga 1910 (Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 829-830 og 835. (Digital utgåve, NBdigital)