Kvennebekken bustadfelt 2 (Bykle)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvennebekken bustadfelt 2
Utskilt: 2003
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 893
Type: Bustadseigedom

Kvennebekken bustadfelt 2 er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Dette huset er det fyrste som vart bygt på det nye byggjefeltet som ligg ved vegen mot Breive, litt forbi hyttefeltet i Otrosåsen. Det vart oppsett av dei som bur her (2006), og teke i bruk i 2003.

  • Sivert Rugland, f 1960
g m Bente Bakken, f 1965. Born:
  • Stig Morten, f 1983, p t (2004) under utdaning
  • Trond Arne, f 1985, p t (2004) under utdaning
  • Bjørnar, f 1989
  • Åge, f 1990

Sivert er frå KleppJæren, og son åt Astrid og Sverre Rugland. I yrkeslivet har han vore radio- og TV-reparatør. Bente er dotter åt Turid Marie Bakken (sjå Tuftevegen 19-23, bnr 653) frå det fyrste ekteskapet hennes. Ho arbeider på Hovdestøylen hotell. Bente og Sivert budde mange år på Klepp, men flutte så til Hovden, fyrst ho i år 2000, så han i 2002.


0941 Bykle komm.png Kvennebekken bustadfelt 2 (Bykle) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Jernvegen 16 • Neste bolk: Kvennebekken bustadfelt 6

Koordinater: 59.55611° N 7.34629° Ø