Kvinnelista i Skjåk 1928

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvinnelista publisert i Lillehammer-avisa Dagningen 27. september 1928.

Kvinnelista i Skjåk 1928. Til kommunevalet i Skjåk hovudsokn i 1928 vart det stilt ei eiga, rein kvinneliste. Den kom i tillegg til to partipolitiske alternativ, nemleg Bondepartiets liste og «Småbrukernes og arbeidernes liste», som var ei samlingsliste for Venstre/Radikale Folkeparti og Arbeidarpartiet. På båe desse var det oppført berre menn.

Kandidatane på kvinnelista var Guro Tråstad, Tora Bræk, Torø Hørven, Tea Kummen, Live Moen og Ragna Viken Når ein går nærare inn på kven kvar einskild av dei var og kva bakgrunn dei hadde, blir det openbert at dei representerte eit kvinnealternativ på tvers av partipolitiske og sosiale skiljeliner i bygda.

Bakgrunn og resultat

Ved valet fekk kvinnelista ei einaste stemme, og den vart forkasta. Dei som stod på lista hadde altså ikkje ein gong røysta på seg sjølve. Ein kunne såleis bli frista til å tolke tiltaket som ein spøk. Rettare er det venteleg å sjå det som ein demonstrasjon. Kandidatane sjølve og eventuelle sympatisørar var alle på det reine med at å røyste på lista ville vere bortkasta. Blant dei seks var etter alt å dømme iallfall to av dei tre politiske hovudretningane i bygda representerte: Venstre/Radikale Folkeparti og sosialistane. Det er også mogleg at ein eller eit par av kandidatane kan ha sympatisert med Bondepartiet. Kvinnene på lista ønskte neppe å svekke sine eigne parti, men ville tydeleggjere for all verda kor fullstendig mannsdominert politikken var på den tida. Det kom ikkje kvinner inn i kommunestyret i Skjåk før i 1948.

I ein kommentar til den publiserte vallista gjer avisa Laagen seg nettopp slike refleksjonar. Det blir konstatert at kvinnene ikkje går til val på noko eige program. Men kvinnene i Skjåk «har aldri opnådd å bli representert i herredsstyret og det er formodentlig grunnen til at de nu har funnet tiden inne til å ta saken i sin egen hånd.»

Kandidatane

Dei seks kandidatane på kvinnelista må alle kunne kallast markante og respekterte personlegdomar. Dei gjorde seg gjeldande på kvar sine samfunnsområde, og dei hadde bakgrunn i høgst ulike sosiale og politiske miljø. Dei var vaksne damer også av alder, den yngste var 28 år gammal, dei to eldste nærma seg 50.

Guro Tråstad (fødd 1891) var organist og særs ivrig i frilynt ungdomslagsarbeid. Ho kom frå ein bondefamilie, men partipolitisk standpunkt er uvisst.

Tora Bræk (fødd 1878) var bondekone og politisk interessert, men heller ikkje for hennar del er det dokumentert korleis ho stilte seg politisk. Ho var dotter til nynorskforkjemparen og venstretilhengaren Ola O. Skjaak, og ein viss affinitet til Venstre, eventuelt Bondepartiet er rimeleg å gjete på.

Torø Hørven (fødd 1893) arbeidde som kontorist for ymse verksemder og i kommuneadministrasjonen. Ho var elles ein populær prologskrivar ved ungdomsstemner og alle slags andre festlege høve, og ho var ein ettertrakta toraderspelar til dans på ungdomshusa. Ho var familiært tett knytta til ein krins rundt Venstre-/Radikale folkeparti-folk der to av svograne hennar, Amund I. Odden og Kolbein Skaare stod sentralt, saman med grannane og omgangsvenene Ola Aanstad og sonen Kristen.

Tea Kummen (fødd 1893) var lærar og kjend barnebokforfattar. Ho også kom frå gardbrukarsjiktet. Ho var ivrig talsmann for landsmålet, og kom i den saka i direkte konfrontasjon med tonegjevande personar i Bondepartiet, og det er ikkje urimeleg å gjete på at ho også var orientert mot Venstre.

Live Moen (fødd 1879) og Ragna Viken (fødd 1900) kom frå småbrukar-/arbeidarfamiliar som var tett knytta til den etter måten nye sosialistiske rørsla i bygda. Ragna fekk seinare tillitsverv i Skjåk arbeiderkvinnelag.

Forslagsstillarane

Ti namngjevne andre kvinner frå bygda har stilt seg bak som forslagsstillarar til kvinnelista. I følgje Laagen 25. september 1928 var det Magnhild Bakken, Torø Johnsgard, Ymjer [Embjørg] Krogstad, Anne H. Ånstad, Sigrid Rudser, Torline Kjørren, Margrethe Kveen, Klara Kjørren, Kari Aurmo og Anne Stakston.

Det er ei viss overvekt av arbeidarkvinner blant desse. For eksempel var Klara Kjørren (f. 1903) få år seinare med på å starte Skjåk arbeidarkvinnelag. Ho var gift med arbeidarpolitikaren Ola Kjørren. Torline Kjørren (f. 1901) var syster til Ola Kjørren, og altså svigerinne til Klara. Anne Stakston (fødd Viken 1889) var syster til Ragna som stod på sjølve kvinnelista. På den andre sida var t.d. Anne Ånstad (f. 1890, frå Nørdre Hyrve) gift gardkone på Nordigard Ånstad på Skjåkstrond. Embjørg Krogstad (fødd 1902 på Nordistun Krogstad) og Margrethe Kveen (fødd 1902 på Nørdre Brandsar) var båe fødde av gardbrukarforeldre. Far til Margrethe var endatil ein framgrunnsfigur for Bondepartiet og riksmålet i bygda, fanejunker E.C.Brandser.

Alt i alt gjer lista over forslagsstillarar sitt til å forsterke inntrykket av ein brei sosial basis for kvinneinitiativet.


Kjelder og litteratur