Kyrkjelii (Bykle gnr 13/29-30)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Kyrkjelii byggjefelt»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjelii
Utskilt: 1984
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 13
Bnr: 29-30
Type: Byggjefelt

Kyrkjelii er det nest eldste av dei kommunale byggjefelta i Bykle kommune. Den fyrste delen av arealet er kring 20 mål som vart oreigna frå Nystog, gnr 13, bnr 10 i 1984. Ein del av Gjerden, bnr 105, vart del av Kyrkjelii i 1985. I 1986 vart oreigna eit tilleggsareal på 5 mål frå Torsbu, gnr 13, bnr 4.

I 1995 vart eigedomen Holti, gnr 14, bnr 12, eit gamalt småbruk som i si tid hadde gått ut frå Austistog Byklum, gnr 14, bnr 7, lagt innåt byggjefeltet. Holti vart oppmælt til å vera på 28 mål.

Ein del av husa som vart bygde i Kyrkjelii var kommunale bustader. Men fyre kommunen kom i gang med byggjing for alvor, var det også ein del privatpersonar som sette seg opp heimar her.

Nokre av eigedomane med eigne bolkar Heimar og folk i Bykle er:


0941 Bykle komm.png Kyrkjelii (Bykle gnr 13/29-30) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Soltun • Neste bolk: Kyrkjelii 6