Laksegilja ved Hella

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Laksegilje -

Laksegilja ved Hella ligg i Leikanger kommune. Hella er den eine av tre ferjekaier i dette fjordavsnittet, dei andre er Dragsvik og Vangsnes. Ved Hella, ei sjømils kryssing over frå Dragsvik, vil du sjå ein landfast installasjon - ei laksegilje. Dei fleste laksegiljene er borte no. Fram til førre hundreåret stod laksegiljene tett i Midtre Sogn. Gjennom hektiske sommarveker blei giljene brukt til å fanga vandrande, gytande laks.

Gilje

Gilje er ein fiskereiskap som vart brukt til laksefiske. Den er som ei kryssing mellom ei not og ein stor håv.

Eit garn vert senka slik at det ligg flatt under vatn, men har eit hjørne over vatn. Måten ein fiska med gilje var slik: ein vaktpost følgjer med på og ser når laksen symjer over garnet. Kunsten er å leie laksen mot toppen av garnet for så å trekke opp kantane av garnet før fisken rekk å snu. Giljefiske skal vere best i tussmørke.

Denne fiskemåten har trulig røter tilbake til steinalderen, og var vanleg på Vestlandet før i tida.

Les meir om giljefiske


Laksegilja ved Hella er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden.


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Laksegilja ved Hella er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.