Lars Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Aarskog
Foto: Norske skolefolk (1952)

Lars Aarskog (fødd 11. oktober 1891 i VartdalSunnmøre, død 19. november 1990) var lærar og underoffiser. Han engasjerte seg dessutan i fråhaldsarbeid, ungdomslag og songlag.

Han var son av Iver Andr. Aarskog og Ingeborg Nikolina. Lars Aarskog gjekk i 1907 ut frå Vartdal arbeidsskule, og i 1910 er han registrert som amtsskuleelev. I 1916 tok Aarskog eksamen ved Volda lærarskule. Året etter tok han underbefalskurset på Værnes.

I 1916 var Aarskog lærar i Vatne, i Hellestranda og Vestrefjorden krins. Året etter var han tilsett i Vestrefjorden. Frå 1918 var Lars Aarskog tilsett i Follestaddalen i Ørsta.

Han var formann og kasserar i Ørsta lærarlag, og var lærarane sin representant i skulestyret i bygda. I 1918 vart han formann i Follestaddalens barnefråhaldslag, han var formann i ungdomslaget i bygda og var instruktør for Follestad songlag. Aarskog hadde idrettsmerket, marsjmerke og skarpskyttermerket.

Lars Aarskog vart i 1918 gift med Johanne Birkevoll (1897-1982), dotter av Elias og Marta Birkevoll. I 1934 hadde dei fire søner og to døtrer.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker