Lars Kyllingen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Lars Knutsson Kyllingen f. 1770 i Luster, d. 1. juni 1826 på Kyllingen i Øverdalen, Romsdalen. Han voks opp i Luster og vart omvent og haugianar vinteren 1801-02. Alt i dei neste to åra vart han ein av dei mest aktive predikantane blant venene til Hans Nielsen Hauge.

Lars vart gift første gongen kring 1800 med ei Margrete, som døydde da første barnet deira vart født. Han gifta seg så opp att i 1804 med Anne Kathrine Pedersdtr. f. 1767 på Holmedal. Ho vart vekt da Hauge besøkte Luster i 1801. Dei kjøpe Nes på Veitastrond i Hafslo, flytta dit og begynte å halde samlingar. Nes vart teke frå dei på odel i 1806 og dei flytta til Romsdalen i 1809 der dei kjøpte eit av bruka på Kyllingen i Øverdalen og tok det gardsnamnet som etternamn.

På Kyllingen begynte no «et ekte haugiansk husliv» med daglege husandaktar og samlingar. Etter kvart tok Lars sjølv ut på reiseverksemd rundt om i landet, ei verksemd som er omtala som «en legmannsvirksomhet så dyktig, omfattende og betydningsfull, at den kan hende bare står tilbake for Hauges» (etter H. G. Heggtveit: Den norsk kirke i det nittende Aarhundrede II).

Kjelder