Lars P. Thorkveen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Bauta til minne om St. Olav
Foto: Arnfinn Kjelland (2009)

Lars P. Thorkveen (fødd 1856 på småbruket Torekvei i Lom, død 1923 i St. James, Minnesota) var med og stifta Lom Samlag, eitt av dei aller første ungdomslaga i Gudbrandsdalen i 1870-åra, og i 1876-77 gjekk han Gudbrandsdalens Amtsskole. Bygdefolket såg at han var «meir enn vanleg evnerik»; han stod mellom anna først på kyrkjegolvet da han vart konfirmert. Som ungdom heldt han ein gravtale over ein gamal fattig granne; denne talen hugsa folk som var til stades så lenge dei levde.

Thorkveen emigrerte til USA i 1880 og kom til West Prairie, Wisconsin. Der var han først lærar på ein norsk skule før han i åra 1883-1885 gjekk Luther College i Decorah, Iowa og 1885-87 Luther Seminary i Afton, Minnesota. I 1887 vart han prest i Albion Norwegian Lutheran congregation i Watonwan County i Minnesota, eit prestegjeld som etter kvart omfatta fire kyrkjelydar til: St. Olaf, Long Lake, Rosendale og Butterfield. Der var han prest resten av livet.

Thorkveen var mellom dei som i 1909 stifta Gudbrandsdalslaget, og han var president i laget frå stiftingsåret til han døydde. I den funksjonen redigerte han årboka for laget og tok ei rekkje initiativ til å halde oppe kontakten med heimlandet: markeringa av 300-årsjubileet for trefninga i Kringen i 1612, grunnlovsjubileet i 1914 og særleg markeringa av 900-årsjubileet for kristninga av dalen ved helgenkongen, Olav Haraldsson, i 1921 da dei gav ein bauta som vart oppsett ved Lom stavkyrkje. Han var òg med på stiftinga av Bygdelagenes Fællesraad i 1916.

Lars P. Thorkveen vart i 1912 utnemnt til Riddar av St. Olavs Orden av første klasse for arbeidet sitt.

Ekstern illustrasjon

Litteratur

  • Kjelland, Arnfinn 2009: Rev. Lars P. Thorkveen (1856–1923). A Founding Father of Gudbrandsdalslaget. Årbok 2009 Gudbrandsdalslaget Vol 25 Centennial Yearbook s. 3-17.
  • Kvaale, Olav T. 1973: Pastor L. P. Thorkveen frå Lom. Årbok for Gudbrandsdalen: 40-51.