Lensadel

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Grevehjelm og krone, slik det var føreskrive i forordninga om Grevernis Privilegier. Merk dei elleve «trallene» (bøylene)i visiret.
Hjelm og krone for friherrar (baronar), slik det var føreskrive i forordninga om Friherrernis Privilegier. Merk dei sju trallene i visiret.

Lensadel er ei nemning for adelege personar som har godseigedomar i (helst arveleg) forlening og ymse særrettar i vederlag for truskap og tenester overfor lensherren (kongen). Det germanske ordet len har etymologisk same rot som det norske lån, og tilsvara det latinske feudum (lensgods).

Meir spesifikt var lensadel nytta som nemning på den nye, høgadelege standen av grevar og friherrar (baronar) som kong Christian V instituerte i Danmark og Noreg med to forordningar av 25. juni 1671. Eit hovudføremål med dette var å styrke det nye einevaldsregimet i høve til den gamle høgadelen. Med heimel i desse forordningane vart det oppretta i alt åtte grevskap og eit større tal baroni i dobbeltmonarkiet i tida som følgde. Grevskapa og baronia vart tillagde kongelege godssamlingar i arveleg forlening. To av grevskapa og eitt baroni vart oppretta i Noreg, dvs. grevskapa Larvik og Jarlsberg og baroniet Rosendal.

Med greve- og friherretitlane følgde i tillegg til lensgodset også ei rekkje privilegium som inkluderte og femnde vidare enn dei privilegia som alle av adel til kvar tid hadde. Spesifikt lensadelege rettar inkluderte patronatssrett og birkerett, meir vidtgåande skattefritak og økonomiske rettar, og dessutan makt og mynde over allmugen i grevskapa og baronia som andre stader var tillagt det statlege embetsverket.

I Noreg vart alle lensadelege rettar i likskap med adelskap generelt avvikla med heimel i adelslova av 1821.

Dei fornemste av adel i riket

Den nye standen, som i stor mon bestod av nyadla personar, skulle reknast som den mest fornemme av adel i riket. Grevane og baronane vart plasserte høgt i rangen, til dels nest under den kongelege familie, og generelt framom den gamle adelen. På sine våpenskjold kunne dei nyadla setje høvesvis greve- og friherrekrone og hjelm med elleve «traller» for grevar, sju for friherrar. (Traller er bøyler i visiret på den stiliserte turnérhjelmen, sjå illustrasjon). Grevane skulle titulerast «høy- og velbårne», friherrane «høyedle og velbårne». Grevane sine yngre døtre og søner skulle ha friherretitlar, og ei grevedotter kunne til og med tiltalast som «frøken», noko som til da berre hadde vore brukt om kongsdøtre.

Opprettinga 1671

Lensadelen vart innstifta ved to kongelege forordningar, «Grevernis Privilegier» og «Fri-Herrernis Privilegier», båe daterte 25. juni 1671. Friherre blir i Norden brukt synonymt med baron. Saman med den fyrste rangforordninga som var utferda same dagen, og innføringa av rangadelen i 1679, gjorde etableringa av lensadelen sitt til å omforme adelskapet for å få det til å passe betre med eineveldets ideologi og styringssystem. Dannebrogsordenen, som også vart innstifta av kongen i 1671, kan sjåast i det same perspektivet. Det var eit prestisje- og premieringssystem som tente til å nøytralisere den gamle adelens makt og innverknad, og som kunne forebygge eventuelle forsøk frå deira side på å vinne attende rettar og den makt som hadde vorte fråteke dei i og med innføringa av eineveldet. Med historikaren Knut Myklands ord var føremålet frå kongens side «dels å skape en stand som skulle kaste glans over kongen og var avhengig av kongen, dels å degradere den gamle adelen ved at grevene og baronene ble stilt foran dem i rang.»[1] Og Mykland påpeikar i samband med dette at i berre eitt av dei åtte nye grevskapa var den opphøgde greven av gammal adel. Lensadelen var «nye menn» som hadde kongen og eineveldet å takke for sin posisjon.

Peder Schumacher (1635-1699), greve av Griffenfeldt

Ein av dei viktigaste av den nye tids menn, kongens kammersekretær (m.m.m.) Peder Schumacher, stod sentralt i utforminga av systemet med rangorden og lensadel. Han vart sjølv adla under namnet Griffenfeldt same året som lensadelen vart instituert, og opphøgd til greve to år seinare, den 26. november 1673. Med grevetittelen følgde det tidlegare Tønsberg amt i forlening som nytt grevskap.

Lensadelen i Noreg

Statthaldar grev Ulrik Frederik Gyldenløve (1638-1704).
Gustav Wilhelm Wedel Jarlsberg (1641-1717), greve, kommanderande general i Noreg. Han var den fyrste lensgreven av Jarlsberg, da han kjøpte Tønsberg grevskap 1683 og fekk det omgjort til Jarlsberg grevskap 4. januar 1684.
Ludvig Rosenkrantz (1628-1685), den fyrste friherren til Rosendal baroni. Han var også amtmann i Stavanger. Samtidig målarstykke.
Baron Axel Rosenkrantz (død 1723). Han var den siste av baronane som hadde Rosendal i len frå kongen. Pga ein fysisk skavank fekk han vuisstnok kallenamnet Baron Klump

To grevskap og eit baroni

Det fyrste grevskapet i Noreg hadde vorte oppretta to år tidlegare. Kongens halvbror, statthaldar i Noreg Ulrik Fredrik Gyldenløve fekk «ereksjonspatent» (opprettingsdokument) på grevskapet Larvik (Laurvigen) den 29. september 1671. Det omfatta det gamle Brunla len og amt, dvs. den søre delen av det nåverande Vestfold fylke. Grevskapet vart selt attende til kongen i 1805, og dei grevelege rettane fall bort i 1817.

Grev Griffenfeldt fall i unåde i 1676 og hamna i livsvarig fengsel dømt for forræderi. Grevskapet hans vart under namnet Tønsberg grevskap kjøpt av Gyldenløve i 1678, som i 1683 selde det vidare til feltmarskalk Gustav Wilhelm Wedel. Grevskapet vart omdøypt til Jarlsberg, som det sidan vart heitande. Grevskapet vart avvikla med heimel i adelslova av 1821.

Ved lensbrev 14. januar 1678 fekk den danske adelsmannen Ludvig Rosenkrantz barontittel og høyhetsrettar over bøndene som høyrde til det store godset hans i Kvinnherad i Sunnhordland - Baroniet Rosendal. Baroniet omfatta altså berre ein del av innbyggjarane i distriktet. Det var ikkje eit heilskapleg administrasjonsdistrikt slik som i grevskapa. I grevskapsdistrikta var det berre eit greveleg, ikkje kongeleg forvaltnings-, oppebørsels- og rettsapparat med mynde og jurisdiksjon over bønder og allmuge anten gardane dei budde på tilhøyrde lensgodset, var ått av andre godseigarar eller var sjølveigde.

Baroniet opphøyrde som eigentleg lensadeleg eining i 1723, da den mannlege slektslinja opphøyrde med Axel Rosenkrantz, og godset fall attende til krona. Det vart seinare selt til familien Rosencrone, som fekk behalde dei friherrelege rettane og baronitittelen. I 1749 vart godset omgjort til stamhus.

Privilegia

Dei viktigaste særrettane grevane og baronen oppnådde i kraft av sin lensadelege status var desse:[2]

Rettslege, administrative og politiske

Jurisdiksjonsrettane omfatta alle innbuarane innan dei nærare geografisk definerte grevskapa. Dette skilde dei norske lensgrevane ut frå dei danske, som hadde slike rettar berre over bøndene på grevskapsgodset. Baronen på Rosendal hadde også jurisdiksjon berre over sine «eigne» bønder.
  • Patronatsrett, dvs. kallsrett (rett til å utnemne prestar) og dessutan eigedomsrett til alle kyrkjene i grevskapa med dei inntekter og utgifter som følgde med.
  • Jurisdiksjon og administrativt mynde over byar. Larvik vart i lensbrevet overlate til grevskapet, dvs. at byen ikkje fekk eigne kjøpstadsprivilegium, og greven skulle utnemne byadministrasjonen. Tønsberg med ladestadene Strømsø og Holmestrand vart lagt til grevskapet, men Tønsberg og Holmestrand vart utskilde att allereie i 1684. Strømsø vart derimot hengande ved grevskapet med omsyn til utnemning av byfut der.
  • Oppebørsel av offentlege skattar. Grevane vart overlatne den kongelege oppebørselen av skattar og avgifter bortsett frå tollen. Grevens godsforvaltar vart kalla «amtsforvaltar» overtok i praksis derfor alle funksjonar som dei kongelege futane hadde elles (oppebørsels- og politimakt). Som innan rettsvesenet, skilde baroniet seg frå dei to grevskapa at den «offentlege» oppebørselsmakta galdt berre på baroniets eigne leiglendingsgardar. Grevane og baronen fekk også ein del av dei offentlege skattane og avgiftene som inntekt for seg, sjå neste avsnittet.

Skatteprivilegium og tillagde offentlege inntekter

  • Skattefrie setegardar, i likskap med andre eigarar av adelege setegardar.
  • Fritak for offentlege skattar på leiglendingsgardane tilsvarande ei landskyld på til saman 100 tønner hartkorn for friherrar, 300 tønner for grevane. Rosendal nådde rett nok ikkje opp til minstestorleiken, og fekk slik fritak for vel 78 tønner hartkorn.
Fritaket er slik formulert i friherreprivilegia 1671 (tilsvarande for grevane): «100 Tønder hart Korn udi tilliggende Bønder-Gods/ være for ald contribution og paaleg hvad Nafn det oc have kand/ Princessin undtagen/ aldeelis fri oc forskaanet.»
I følgje Øystein Rian innebar fritaket i grevskapa i Vestfold at lensadelen oppebar dei vanlege gardskattane, og ein del av desse måtte vidaresendast til dei kongelege kassene.
  • Inntekta av Arbeidspengane som var pålagde gardane i nærleiken av kongsgardar.
  • Halve aksisen av byane (importavgift på øl og vin til byane) til inntekt.
  • Kongens del av tienda til inntekt, og den tredelen som følgde soknekyrkjene hadde dei i kraft av å vere kyrkjeeigarar.

Næringsprivilegium

  • Lensprivilegia av 1671 heimla einerett til bergverksdrift og jakt i grevskapa/baronia.
  • Larvik-greven fekk betydelege privilegium for sine verksemder, Fritsø jernverk og sagbruk

Eit nyføydalt element i riket

Lensadelen vart altså gjeven arveleg råderett over godssamlingane som låg til grevskapa og baronia. Men kongen hadde i behald ein overeigedomsrett (dominium directum) til godset. Lensinnehavarens råderett (dominium utile) var innskrenka mellom anna ved at godset ikkje kunne pantsetjast, seljast eller avhendast på annan måte. Og det måtte overleverast til neste rette arving til greve-/friherreverdigheten i intakt stand, ikkje utstykkast til fleire arvingar. Råderetten over godset skulle falle tilbake til krona, den eigentlege eigaren, dersom den grevelege/friherrelege arverekkja opphøyrde, eller om truskapsforholdet vart brote.

Ein del av dei lensadelege godssamlingane bestod av tidlegare allodialgods («privatgods», full og heil eigedomsrett, altså utan føydale heftingar frå ein overherre) som eigarane hadde overlate til kongen for å oppnå dei lensadelege rettane. Og grevane og baronane kunne i tillegg til lensgodset også gjerne eige private godssamlingar på vanlege (dvs. adelege) eigedomsrettslege vilkår.

Lensadelskapet av 1671 var følgde meir klassisk føydalrettslege former enn som var tilfelle med lensvesenet i Danmark-Noreg under adelsmonarkiet før 1660. Lensinnehavarane under det regimet hadde ikkje arvelege forleningar, og lena bar preg av å vere statlege forvaltningseiningar meir enn dei likna på dei mellomalderske feudum og beneficium som fyrstane overlet sine vasallar. Opprettinga av lensadelen 1671 kan såleis seiast å representere eit nyføydalt element i statsstyret, noko som kan synast paradoksalt når det elles er vanleg å sjå innføringa av eineveldet som ei statsrettsleg modernisering i høve til det føregåande adelsveldet.

Referansar

  1. Mykland, K. 1977:140
  2. Basert på greve- og friherreprivilegia 25. mai 1671 og på oppsummeringar hjå Rian, Ø. 1980:10-19 og Tennfjord, F. 1944:48-53.)

Kjelder og litteratur

  • «Friherrernis Privilegier», kgl. forordning 25. mai 1671. Samtidig trykksak, henta frå ei innbunden samling av slike i Riksarkivet.
  • «Grevernis Privilegier», kgl. forordning 25. mai 1671. Samtidig trykksak, henta frå ei innbunden samling av slike i Riksarkivet.
  • Mykland, Knut: Gjennom nødsår og krig. Norges historie bd. 7. Cappelen, Oslo 1977.
  • Rian, Øystein: Vestfolds historie. Grevskapstiden 1671-1821. Vestfold fylkeskommune 1980.
  • Tennfjord, Finn: Stamhuset Rosendal. Jacob Dybwads forlag 1944.