Lii i Jåro

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Lii under Gjerden»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Lii
Gjerden 36.jpg
Hytta i Lii 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Alt. namn: Lii i Jåro
Lii under Gjerden
Rydda: 1867
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Type: Husmannsplass

Den lisle plassen Lii under Nordstog låg i dalsøkket mellom det gamle Gjerdentunet og der Kanada i Jåro ligg i dag, og beint nordom Myri på motsett side av vegen. Der plasstunet låg står ei lita hytte, som Olav A. Haugen sette opp etter at den gamle plasstoga datt ned. Hytta er i dag i eiga til Georg Lidtveit i Åraksbø (sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21). Plassen har aldri vore utskilt eller matrikulert, så bortsett frå den nemnde hytta høyrer han framleis til Nordstog.

Nett kva tid plassen vart busett er uvisst, men mannen i den familien som budde her vert fyrste venda nemnd som husmann her i 1867. Han var frå Nordstog, og yngste son åt Auver Knutsson på det bruket og kona, Margit Knutsdotter.

  • Olav Auversson Gjerden (y.), f 1832, d 1915
g 1858 m Ingebjørg Torleivsdotter Haugo, f 1837, d 1888. Born:
  • Ingebjørg, f 1858 g 1893 m Helleik Olavsson Glidbjørg, f 1865, d 1939, sjå nedanfor
  • Margit, f 1859, busett Åmdals Verk til 1937, sidan Porsgrunn, g 1. 1888 m Peder Knutsson Hjort Rosing Lykka, f 1856, d 1895, g 2. 1901 m em Hans Hallvardsson Lislekås, f 1863, d 1928, sjå nedanfor
  • Asgjerd, f 1862, d 1862
  • Kristen, f 1863, verksarb., husm., småbr., d 1936, til Skafså 1883, g 1. m Gunhild Larsdtr. Bråten, Fyresdal, f 1871, d 1903, busett plass Rausak under Seltveit, Skafså, g 2. 1906 m Gunhild Larsdtr. Heimdal, frå 1911 busett Nedre Heggli, gnr 45 bnr 5, Skafså, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1865, verksarb., d 1892, utfl. til Skafså ca 1883, busett Åmdals Verk, sjå nedanfor
  • Auver, f 1867, d 1868
  • Asgjerd, f 1868, d 1910, til Skafså ca 1886, g 1892 m Halvor Knutsson Åshaug, Skafså, sjå nedanfor
  • Gunhild, f 1872, g Skafså 1908 m Gunnar Jonsson Staver, Vrådal, sjå nedanfor
  • Auver, f 1875, g 1908 m Gro Åvoldsdtr. Byklum, sjå Øvre Haugen, gnr 14, bnr 30
  • Gyro, f 1877, d 1878
  • Gyro, f 1879, d 1889
  • Dødfødd, 1881

Ingebjørg Torleivsdotter var frå Uppistogs-Haugo, dotter åt Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.

Bortsett frå Auver, yngstesonen, hamna borna åt Olav og Ingebjørg ymse stader utanfor bygda, og dei fleste av dei budde i Skafså. Me har funne dei omtala i Skafså-bandet av Mosoga (Marvik: Mo bygdesoge II, Skafså sokn, 1989), og skal referere det som står der, med ein del tilskot frå andre kjelder.

Eldstedottera, Ingebjørg, fekk i 1885 sonen Torleiv, faren var Hallvard Eivindsson Berg. Torleiv Hallvardsson livde opp. Ingebjørg budde i 1891 på Huvestad på Tokke-Dalen. Derifrå skreiv ho brev til futen i Setesdal, og klaga over at lensmann Lund ikkje var vyrk nok til å krevje Hallvard Berg for oppfostringspengar til sonen, men utan at det kom noko meir utav det. I 1893 gifte ho seg i Skafså med byklaren Helleik Olavsson Glidbjørg.

Dei budde sidan i mange år som bruksfolk og husmannsfolk fleire stader i Skafså, men i 1909 kaupte dei småbruket Øvre Heggli, gnr 45, bnr 4, og slo seg ned der resten av livet.

Me veit at Torleiv Hallvardsson vart med mora til Telemark, men i 1900 vart han oppskriven som busete og med etternamnet Botnen på Barskårtveiten, gnr 70, bnr 2, og budde då ikkje ilag med mora og mannen hennes. På dette punktet misser me Torleiv av syne, men mor hans kan me fylgje lenger fram i tida:

Ingebjørg Olavsdotter Gjerden, f 1858, dødsår ikkje oppgj.

g 1893 m Helleik Olavsson Glidbjørg, f 1865, d 1939. Born:
  • Margit, fødd 1914
  • Hæge, f 1894, born:
  • Tea, f 1914, far: Erling Olavsson, Lårdal
  • Hans, f 1917, far: Olav Pedersson Dale, Skafså
  • Edit Torfrid, f 1938
  • Helga, f 1906, g m Kristian Paulsen, busett Skotfoss, ikkje kjende born

Helleik Olavsson Glidbjørg var fødd i Hisdal som son åt Olav Helleiksson Glidbjørg og kona, Hæge Eivindsdotter, fødd Stavenes. Foreldra er i denne boka omtala i bolkane om Store-Hisdal (Bykle gnr 10/2)bnr 2 i Hisdal og Strandehagen i Trydal.

Margit, den neste systera i rekkja, flutte også til Skafså, og gifte seg med ein husmann og arbeidar på Åmdals Verk (jfr. Mo bygdebok, II, 316 f ).

  • Margit Olavsdtr. Gjerden, f 1859, dødsår ikkje oppgj.
g 1. 1888 m Peder Knutsson Hjort Rosing Lykka, f 1856, d 1895. Born:
  • Elisabet Kornelia, f 1888, g m Herman Åsmundsen, Porsgrunn
  • Ingebjørg, f 1890, d 1890
  • Ingebjørg Terese, f 1892, til Porsgrunn, lagnad elles ukj.
  • Knut, f 1895, til Eidanger, lagnad elles ukj.
g 2. 1901 m em Hans Hallvardsson Lislekås, f Vrådal 1863, d 1928, busett Åmdals Verk. Born:
  • Peder Johan, f 1900, anleggsarbeidar, g m med Marta Gunhilde Antonsdtr. Bendiksen, busett Lykka under Åmdal, born, iallfall:
  • Agnes Harda, f 1930
  • Johanna, f 1902, g m Martin Andersen, Oslo, ikkje kjende born
  • Konstanse, f 1904, g m Martin Ødefjeld, Porsgrunn, ikkje kjende born

Peder Knutsson Hjort Rosing Lykka hadde det meste av det flotte namnet sitt frå morssida. Morfaren var Tørres Rosing (1768-1844), som var verksforvaltar på Åmdals Verk frå 1807 og frametter. Mor åt Peder heitte Karoline Kornelia Elisabet Rosing (1810-1902). Ho gifte seg med ein Knut Tarjeisson, som me ikkje kjenner opphavet til. Frå 1836 til 1843 budde desse i Heimre Åreholti i Rygnestad. Knut dreiv ei sag der, fortel Alfred Ryningen (Valle VI, 349). I 1843 flutte dei frå Valle til Åmdals Verk, og iallfall frå 1859 er Knut registrert som verksarbeidar og husmann på plassen Lykka under Åmdal. Der vaks Peder opp, og der budde han i heile ekteskapet sitt. Han var husmann og verksarbeidar, slik faren hadde vore. Då Peder var død i 1895, vart Margit buande på Lykka, og gifte seg i 1901 omatt med enkemannen Hans Hallvardsson Lislekås frå Vrådal, etter å ha fått ein son med han året fyre. Hans var murar og minerar ved Åmdals Verk. Han døydde 1928. Margit budde på Lykka til ho i 1937 flutte til Porsgrunn, truleg til ei av dei gifte døtrene.

Dinest kjem me til den eldste av brørne i syskenflokken frå Lii. Også han budde i Skafså (jfr. Mo bygdebok II, 28, 57, 129f, 367, Fyresdal bygdebok III, 1392).

  • Kristen Olavsson Gjerden, f 1863, d 1936
g 1 m Gunhild Larsdtr. Bråten, Fyresdal, f 1871, d 1903. Born:
  • Ingebjørg, f 1892, d 1898
  • Tea, f 1893, d 1912, g 1910 m Jørgen Olavsson Kåsa, Skafså, ikkje born
  • Emil, f 1894, småbr. og vegarb, g 1918 m Bina Auversdotter Torstveit (dotter åt Auver Torleivsson Gjerden og kona, Turid Såvesdotter), f 1899, busett Heimdal, Skafså, gnr 47, bnr 8, born:
  • Kristen Gunvald, f 1920
  • Tora Amanda, f 1922, g m Hallvard Olavsson Døli
  • Gerda Tomine, f 1926
  • Hilda, f 1896, busett Fyresdal, g 1919 m Olav Olavsson Bakken, Fyresdal, f 1891, d 1985
  • Emma, f 1898, barn:
  • Olav, f 1927, far: verksarb. Arthur Andersen, Skien
  • Signe, f 1900, g 1925 m Oskar Emmanuel Gunnarskog, Skafså, f 1894, til Høyanger
g 2 1906 m Gunhild Larsdtr. Heimdal, Skafså, f 1879, d 1937, ikkje born.

Kristen og den fyrste kona hans budde fleire stader, men i åra 1899-1902 var dei husmannsfolk på Rausak under Seltveit, og der er huslyden omtala i Mosoga (II, 130). Etter at han hadde vorte enkemann flutte Kristen til plassen Heimdal under Jordet. I 1906 gifte han seg omatt med Gunhild Larsdotter Heimdal. I 1911 kaupte dei småbruket Nedre Heggli, gnr 45, bnr 5. Kristen døydde der i 1936, Gunhild året etter.

Torleiv Olavsson, den yngre broren av Kristen, flutte til Skafså ca 1883 og arbeidde på Åmdals Verk. I 1892 døydde han der, men same året vart han far til ei dotter. Mor hennes var frå Fyresdal (jfr. Mo bygdebok II, 319, Fyresdal bygdebok II, 945, sjå også Fyresdal III, 1474).

  • Torleiv Olavsson Gjerden, f 1865, d 1892
g m Ingebjørg Gunnarsdtr. Aslestad, f 1858, d 1938. Born:
  • Tora Eline, f 1892, d 1970, g 1910 m Gunnar Gunnarsson Gryte, f 1885, d 1961, busett Midgarden Gryte, Fyresdal gnr 49, bnr 3, born:
  • Turid, f 1911, d 1952, g m Johannes Herregården, busett Midgarden Gryte
  • Gunnar, f 1912, d 1983, ug, busett Midgarden Gryte
  • Olav, f 1913, g m Borgny Ramsvatn, busett Lundevall
  • Ingebjørg, f 1915, g m Hallvard Olaussen Lund, f 1904, busett Nordigard Momrak, gnr 28, bnr 4
  • Anne, f 1917, g m Olav O. Bjørnerud, f 1913, busett plass u Bessjord, frå 1961 Øvre Bjørnerud, gnr 62, bnr 14

Systera Asgjerd og familien hennes sat på plassen Heddeslikosi under Øvre Bergland i Skafså, gnr 69, bnr 10 (Jfr. Mo bygdebok II, 299, 454, Fyresdal III, 1483). Etter at Asgjerd var død flutte familien til skyldfolket på Lykka.

  • Asgjerd Olavsdtr. Gjerden, f 1868, d 1910
g Skafså 1892 m Halvor Knutsson Åshaug, Skafså. Born:
  • Astrid Gunhilde, f 1928
  • Olav, f 1930
  • Andreas, f 1932
g 2 1937 m Gunhild Ånundsdtr. Herjusdalen, f 1912, born:
  • Hallvard, f 1937
  • Edith, f 1939
  • Anne, f 1896, d 1896
  • Anne, f 1897, busett Porsgrunn
  • Petra, f 1899, born:
  • Alf Jon Henry, f 1925, far: Alf Jørgensen Hovingen, Porsgrunn

Den yngste av systrene gifte seg også i Skafså, men hamna sidan i Vrådal (jfr Kviteseidsoga II, s. 40, Mo bygdebok II, 484).

  • Gunhild Olavsdtr. Gjerden, f 1872, d 1951
g 1898 m Gunnar Jonsson Staver, f 1873, d 1945. Born:
  • Ingebjørg, f 1900, d 1977, g m prestegardsforpaktar Tarjei Holte, busett Lårdal, born:
  • Einar, g m Ruth Bjerk, busett Lårdal
  • Arthur f 1931, g m Snefrid Magdalena Nilsen, busett Porsgrunn
  • Hæge, f 1903, d 1973, g m gbr Knut Nygård, busett Lårdal, dotter:
  • Johanne, f 1905, d 1991 g m Tarjei Olavsson Byggland, f 1902, d 1990, busett Høydalsmo, born:
  • Gudny, f 1938, g m Willy Andersen, busett Hillerød, Danmark

Gunnar Staver var son åt Jon Gunnarsson Hagen og kona Hæge Gunnarsdotter, fødd Midtlie. Desse var frå Skafså, men kom til Staver under Dale i Vrådal i 1866. Gunhild og Gunnar overtok kring 1914 den nemnde plassen etter foreldra hans, og budde der resten av livet. Som det går fram ovanfor kom alle dei 6 borna deira til å bu i Lårdal, men dei to ugifte døtrene flutte på slutten attende til Vråliosen.

Av dei andre syskena frå Lii vert Auver omtala i bolken om Evre Haugen, gnr 14, bnr 30.

I fylgje folketeljinga frå 1875 var buskapen i Lii det året 1 kalv og 2 geiter, og sånaden var 1/2 tunne bygg og 1/2 tunne jordeple. Det torer vel vera nokså råkande, når den same folketeljinga fører opp Olav Auversson som «Husmand med lidt jord». Etter at Ingebjørg døydde i 1888 tykkjest Olav og Auver, yngstesonen, å ha halde til som busetar i Attistog ei tid. Iallfall var dei der då folketeljinga i 1891 vart oppteke. I 1900 var dei båe likevel attende i Lii, og i 1910 budde Olav her åleine. Truleg var han her framleis då han døydde i 1915.

Etter hans tid veit me ikkje om at nokon har hatt fast tilhald på denne verestaden.


0941 Bykle komm.png Lii i Jåro er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Myri • Neste bolk: Berg