Lisbet Venås

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lisbet Lid Venås (fødd 4. april 1937, død 4. mai 2018) kom frå Vaksdal i Hordaland og var lærar og lyrikar.

Lisbet Lid Venås var utdanna lærar med vidareutdanning i drama, spesialpedagogikk og skuleutvikling. Saman med sin mann, Kristian Venås, slo ho seg ned i Lom. Her arbeidde ho som lærar ved Garmo skule.

Som 22 åring, i 1959, debuterte ho med diktsamlinga Villgras, som fekk ein overveldande mottaking. I 1976 kom diktsamlinga Bålet og seinare er det blitt dikt i mange antologier, heftar og visetekstar. Fleire av diktane er det blitt satt melodi til.

Lisbet var ein ettertrakta opplesar av eigne og andre sine dikt. Orda hennar traff publikum med innsikt og gjenkjenning. Ho var ein beskjeden dame som satte "mjuke ord på sine djupe tankar".


Vidare lesing

  • Årsmelding for Lom og Skjåk sparebank, 2001.

Bibliografi

Kilder


Representert i:

  • Hilsen fra Oppland, Lillehammer 1991.
  • Innslag i veven, 1992.

Se også


05 Oppland vapen.png Lisbet Venås er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.