Lorkverna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Kvernhuset i 2006
Foto: Arnfinn Kjelland

Lorkverna er eit kulturminne og kulturvernanlegg restaurert og rekonstruert av Lesja historielag i åra 2000-2010. Kulturminnet og anlegget ligg i Lordalen, ved elva Lora om lag 5 km oppover langs sørsida av elva frå bommen på Lordalsvegen.

Driftstida

Den nåverande Lorkverna er bygd på same staden som det låg ei større kvern eller bygdemølle. Ho er dokumentert attende til midten av 1700-talet, da Systugu Tynnøl hadde lott i ei kvern i Lora. Sjølv om det altså er nærare 10 km unna, syner det kor viktig det var å ha tilgang til kvern med sikkert vatn året rundt. Dei mange bekkekvernene kunne nok berre brukast om våren og hausten, sjeldan om vinteren. Ved Lora var det sikker vassføring året rundt.

Den første møllaren ein veit om var Håken Håkenss. frå Systugu Tordhol (1824-1922).

Fordi mølla låg såpass langt frå den faste busetnaden hadde møllaren ei stugu der han kunne overnatte, og i periodar hadde han òg familien med hit.

I tillegg stod det stall med plass til fire hestar på Lorkverna. Her kunne køyrarane overnatte på hemsen. Det har òg stått ei vadmelsstampe og ei tørkestugu på staden.

Kverna og stampa vart drive med vatn frå eit kanalsystem med inntak ca. 200 lenger opp i hovudelva, regulert ved ein nåledam (sjå skissa). Kverna vart ombygd til møllebruk kring 1920, ved at det vart innsett to sett støypte kvernsteinar og turbinhjul i staden for den gamle kvernkallen. Mølla var i ordinær drift til 1942, da ho vart stengt av okkupasjonsmakta.

Men det er nemnt ei kvern i Lora alt i eit såkalla diplom frå 1326, og mykje tyder på at det har vore kontinuerleg utnytting av vasskrafta på staden i mange hundre år.

Restaureringsarbeidet

Da restaureringsarbeidet starta i 2000 stod huset til møllaren utan tak, og det var berre tufter etter kverna, stallen, tørstugu og stampa. Det første som vart gjort var å bygge veg, for den gamle vegen som gjekk langs hovudelva var mykje øydelagt av vårflaumane. Det første huset som kom opp var ein utedo, så i 2001 vart stallen rekonstruert med gamalt tømmer som vart gjeve av bygdefolk. Parallelt vart det - med løyve frå Vassdragsvesenet - bygd opp flaumvern mot elva, og i 2003 vart så kvernstugu rekonstruert. Her var ein del av tømmeret såpass at det kunne brukast opp att.

I 2004 vart så sjølve kverna rekonstruert, med loft, gangbru og turbinhus med turbin og reimskive. All material i huset er nytt. Siste byggetrinnet før opninga var i 2005, da vart vegen utbetra, kverndammen reinska opp med ei lita gravemaskin og vasstilførselen til mølla gjort ferdig.

Anlegget var så offisielt opna av ordførar Per Dag Hole 3. september 2005, med over 100 gjestar til stades.

Jernblestring

På anlegget bygde historielaget sommaren 2008 eit jernblester. Over 300 dugnadstimnar gjekk med. Heidølen Jostein Espelund, som har lært om blestring på eit kurs i Sverige, vart innleigd for å konstruere anlegget. Han la vekt på at den som skulle blestre måtte kunne smi, kunne sjå med smedauge og skjøne temperaturen og kva som skjer med jernet i varmen.[1]

Denne sommaren vart prosessen gjennomført frå brenning av trekol, framleiting av myrmalm, røsting, malmen sanka i hop, blesteret mura opp, tømmerbolken montert, blesteret varma opp med trekolet, malmen dryssa over kolet og etterfylt, slaggluka opna, jernluppen teke ut, reinsa og sveisa i hop til emnesjern. Trekolprosessen er dokumentert med foto og tekst i årsskriftet 2009, og prosessen med framleiting av malm til ferdig jern er dokumentert tilsvarande i årsskriftet 2008 s. 14-21. Det vart blestra to gonger i 2008, ei prøveblestring og ei blestring for publikum under arrangementet Markens Grøde. Sidan 2008 har det vore brent trekol og blestra kvart år.

Sommaren 2009 var det sett opp eit overbygg over blesteret, og ein dobbelverkande blåsebelg sett opp.

Drift i dag

Anlegget vart overdrege til Lesja bygdemuseum i 2009, men historielaget kan framleis nytte området og husa til sine aktivitetar i samråd med styret for bygdemuseet. På Lorkverna finn vi i dag desse elementa:

  • Kvern
  • Stampe
  • Møllarstugu
  • Stall
  • Jernblestre
  • Kolmile
  • Vasskanalar med mølledam (nåledam)

Husa på Lorkverna står opne for fritt bruk.

I januar 2013 vart ny bru over Lora ferdig. Ho gjer tilkomsten nordfrå lettare.

Film om anlegget (3 min 9 sek).

Bilde frå anlegget

Kjelder

Referansar

  1. Einbu 2008 s. 22

Koordinater: 62.11918097° N 8.64686244° Ø