Lote krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Lote krins låg opphavleg i Gloppen kommune, i 1964 vart grenda flytta til Eid kommune. Krinsen heldt fram som før til 1970, då vart elevane frå Lote sendt til Nordfjordeid krins.

I 1861 var Lote krins (Nordbygda), Hennebygda krins og Hopland krins ein krins med omgangsskule. Skulen vart halden i ei rodestove på Lotsberg og i leigde rom i Hennebygda og på Hopland. I 1863 vart elevane frå Hopland flytta til Randabygda krins.

Lote skule

  • Byggeår: 1883
  • Fungerte som skule: 1883-1970
  • Anna bruksområde: Er i dag grendahus.

Skuledagen

Skulevegen

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Anders O. Lotsberg 1829 Nesjane krins (1853-1861). Lote, Heinnebygda, Hopland 1883 1886 Volda lågare lærarskule 1864 Vart nemnd "Skule-Anders" eller "Gamleskulen". Han var truleg også lærar i omgangsskuletida.
Mons R. Rye 1858 Lote, Heinnebygda og Hopland 1886 1900 Stord 1882
Anna M. Lote Ommedal 1871 Lote, Heinnebygda og Hopland 1900 1936 Stord 1892 Første kvinna i Gloppen med lærarutdanning[1]
Jakob M. A. Lothe 1881 Lote, Heinnebygda og Hopland 1936 1937 Volda 1901, lærarhøgsk. 1922-23 Lærar i Leikanger 1901-02, Hestenes og Skeistrand 1902, Framh. skulen i Gloppen 1922.
Else Djuvstein Lote skule (1938?) (1940?) Vikar
Eva Ruud Lote skule 1940 1950
Aagot Arnestad Lote skule (1945?) (1946?) Vikar
Bjørn Steinsaker Lote skule (1946?) (1957?) Vikar
Elfrid Austrheim Lote skule (1947?) (1948?) Vikar
Per Eikeland Lote skule (1948?) (1949?)
Eva Ruud Lote skule (1949?) (1950?)
Ragnar Aske Lote skule 1951 1951
Ragnhild Hjelmeset Lote skule 1951 1952
Oddvin Lotsberg Lote skule 1952 1953
Magnhild Gjengedal Lote skule 1953 1954
Synnøve Lotsberg Lote skule 1954 1955 Var også tilsett 1959-1960 og 1962-1965
Solveig Henden Lote skule 1955 1959 Var også tilsett 1960-1962
Rune Grov Lote skule 1965 Vikar
Anders Osmundnes Lote skule 1965 1966
Magne Lotsberg Lote skule 1966 1970

Foto

Fotnotar

  1. Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Aud Hjelle (2015) Skulane våre før og no - ei bok om grunnskulen i Eid
  • Jul i Nordfjord. no. 2021. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Dagsjournal for Lote krins, Henden krins og Hopland krins, 1863-1881
  • Dagbok for Lote krins, Henden krins og Hopland krins, 1882-1899
  • Dagbok for Lote krins, Henden krins, Devik krins og Hopland krins, 1900-1915
  • Dagbok for Lote krins, 1915-1970
  • Skuleprotokoll for Lote, Devik, Henden krins og Hopland krins, 1863-1886
  • Skuleprotokoll for Lote krins, Henden krins, Devik krins, 1887-1914
  • Skuleprotokoll for Lote krins og Devik krins, 1915-1925
  • Hovudbok for Lote krins, Røyrvik krins og Osmundnes krins, 1925-1970

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.867008° N 6.083431° Ø