Møre Skofabrikk

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Møre Skofabrikk A/S»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse for Møre Skofabrikk i Romsdals Amtstidende 19. september 1921.

Møre Skofabrikk A/S vart etablert i Steinsvika i Dalsfjorden 8. mars 1918 av Johannes Kvangarsnes (1898-1980) og Benjamin Tverberg (1898-1944). Dei arbeidde før på tønnefabrikken i Åmelfoten, men vart arbeidslause då den vart nedlagd. Dei fann da på å satse på sko, for det var det stor etterspurnad etter.

I 1930 hadde tjue personar arbeid på skofabrikken, og dei produserte 70-100 par sko kvar dag.

I 1956 vart det bygd ny og meir effektiv fabrikk. Her kunne kvar tilsett produsere 10-12 par sko kvar dag. I 1960-åra vart vernesko ei viktig produktgruppe.

Sist i 1960-åra fekk fabrikken gjennom medeigaren, grossist Stadum og Aamodt i Oslo, leveranse på 150 000 par marsjstøvlar til Forsvaret til 51 kr pr par. Dette førte til at fabrikken måtte utvidast i 1978. Marsjstøvlane vart moteplagg i regionen, under nemninga «dalsfjordingar».

I 1990-åra var det om lag 40 årsverk ved fabrikken, men etter kvart gjekk det som med så mange andre slike fabrikker: kostnadene vart for høge og produksjonen vart flytt ut av landet. Møre Skofabrikk A/S vart endeleg nedlagd i 2002.

Litteratur