MB «Fangstmann» M 54 VA

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fangstmann
Fangstmann til venstre AMUn-2027 0022.jpg
Fangstmann til høgre
Registeringsnummer M 54 VA
Egennavn: Fangstmann
Båttype Gavlbåt
Lengde 29,7 fot
Største bredde 9,6 fot
Byggeår 1930
Båtbygger: Hans R. Høydalsvik 1885 - 1972 og Rasmus H. Høydalsvik (far og son) (Hans-Rasmus 1910 - 1963)
Framdriftsmidler: Motor
Motortype Helset, 8 HK 2-takt semidiesel-motor
Kommune Volda kommune
Nåværende eier: Signy og Helge Ryste

MB «Fangstmann» M 54 VA eller «Størjefjord» er 12.09.1930 ført i lokal utgåve av fiskeriregisteret i Volda. Bto. drektighet 4 tonn. Den er bygd i Høydalsvikane i Volda og er ein spisstemna, halvdekka gavlbåt av klinker type og bygd av furu i fylgje nedteikningane. Den hadde heile brukstida heimehamn på Årsetøy i Austefjorden og eigarane er Andreas Elias J. Årsetøy f. 1902 og Knut Peder J. Årsetøy f.1904. Dei sjølvhjelpte karane har nok mest truleg teke materialen (båteveden) sjølve i Årsetmarka og leigt seg sag å skjære den på. Saman med broren Ole Britanus (i dagleg tale kalla Ola) Årsetøy f. 1892 er dei ivrig med på bygginga. Knut Årsetøy har seinare sagt at det var Rasmus Høydalsvik som var båtbyggar. I ettertid ser ein i Busetnadssoga for Volda, band III s. 91 - 96, at det i Vikane (Høydalsvik bruk 79/1 og 4) var fem Rasmus med same etternamn som kunne gjere jobben: Rasmus Kornelius J. Høydalsvik (1845 - 1936) bruk 1 og 4. Rasmus Høydalsvik (1849 - 1933) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1909 - 1955) bruk 1. Rasmus Høydalsvik (1910 - 1963) bruk 1. Rasmus J. Høydalsvik (1910 - 2005) bruk 4. Frå om lag 1940 L/L Vik Båtbyggeri. I 2012 vart Håkon Høydalsvik spurd om dette og han hugsar at det var Rasmus H. Høydalsvik (Hans-Rasmus 1910 - 1963) som var båtbyggjar med faren Hans Kornelius f. 1885 som medhjelpar (eller opplæringsansvarleg). MB «Fangstmann» vart bygd i eit naust i Vike-fjøra og var så stor at den rakk godt ut om enden på naustet. Knut fortalde og at båteigarane ville ha ein heva kjøl og litt framoverliggande stamn, båtebyggjaren heldt på heil kjøl med stamn i 90 graders vinkel på. Slik vart det.

Motoren er i fylgje fiskeriregisteret ein Hjelset på 8 HK frå 1920. I fylgje dagens eigar (2011) har det heile tida stått ei Helset-motor. Ola Årsetøy arbeidde på denne tid som montør og reparatør for motorar på Volda Mekaniske Verkstad og har plukka ut ein god brukt motor når småbrødrene har sett seg føre å bygge kombinasjonsbåt.

Motoren er nemnd fleire gonger i reparasjonsnotata til Ola der han har eksperimentert seg fram til ”meir hest” (auka effekt) både på denne og øyabåten MB «Trygve» M 18 VA som han eigde mykje av frå han var ung til han døde.

”Størjefjord” er berekna og registrert til fiske og fangst i fjord og ved kyst og er elles godt eigna til skyssbåt.

At båten heitte ”Fangstmann” var det truleg få som hadde fått med seg. Den var kjend som ”Størjefjord”.

Jakt på størje hadde nok gått i blodet på øyakarane for frå dei var små hadde det gått i størjejakt når høvet baud seg. På øya var størjetårn med utsiktsplattform og flaggstang på toppen. Frå denne følgde dei med kva som rørde seg på fjorden. Såg dei likt til fisk eller størje dei ville prøve seg på gjekk dei i båt.

På ”Størjefjord” vart montert ei kanon som Ola hadde laga på Volda Mekaniske Verkstad. Løysinga var tidlegare prøvd ut på MB ”Færdig” M 60 VA, kjend som ”Øyaormen”, her med oppbygging/stillas framme for størjekanona og med gangveg til rorhuset bak i båten.

”Størjefjord” fekk overbygg ut frå tidlegare eksperimentering. Rorhus heilt framme. Frå bakveggen på rorhuset og litt lavare er tak over heile båten med innreidd salong bak rorhuset, så motorrom og bak ein arbeidsplass utan sideveggar for bruk av snøre, line og garn. Den bakarste delen av taket kom på plass etter ei tids bruk med bakgrunn i soting frå motoren. Alt arbeid på båten føregjekk til slutt under tak med eit unntak, størjejakt.

Dermed vart det jakta størje med Knut i rorhuset og Andreas på taket ved den heimelaga størjekanona. Kommunikasjonen føregjekk gjennom ope rorhusglas som oftast og var gangvegen til og frå taket. Frå om lag 1948 hadde dei og utkiksmaster med stige på det romslege taket. Mastra var ei fure som vart hoggd rett ned om "Trintesteinane" ved råsa til Årsetsetra. Andreas hadde sett seg ut denne fura når han gjekk til og frå seter for å mjølke. Bak på gavlen var to davitar for å ta opp lettbåten og for å svinge størje inn i det opne romet i båten etter ei vellukka jakt. Så langt hugsen rekk skal det ha vore teke om bord 6 størjer på ein dag. Så sette dei kursen ut fjorden, til Fosnavågen, for levering.

”Størjefjord” var brukt ein god del til frakt av folk og varer, noko den var godt eigna for grunna ”fin salong” og uteplass under tak.

Som dei fleste av desse ”gavlane” med ”fyringsmotor” gjekk ”Størjefjord” ut av bruk ein gong mellom 1955 og 1960 og vart vidare ståande i naustet på Årsetøya. Det var slutt på størja og til bruk på ”heimesjøen” brukte øyakarane ”Øyaormen” og robåtar som var enklare å handtere ved land. ”Størjefjord” står framleis i naustet på Årsetøya, no med nye eigarar. Dette får vi kome tilbake til.

Sommarane 1991, 1992 og 1993 var "Størjefjord" på nytt på sjøen som historisk fartøy til fritidsbruk. Knut var fyrst skeptisk til dette, men etter kvart som tankane fekk arbeide med prosjektet greip entusiasma den om lag 90 år gamle, og utruleg spreke mannen. I lag med dei yngre i familia skifta dei fleire hundre saum og spikra opp att kjølbordet (huen) med ny klippt spikar. Framleis stod ein god del vedlikehald att. Etter 1993 har båten stede i ro i naustet.


"Øyakarane" med etternamn Årsetøy treng ei forklaring:

Knut f. 1904 hadde smie/mekanisk verkstad med treverkstad på loftet på Øyakaia. Her på kaia vart mykje av vedlikehald og nykonstruksjonar på båtane i fjorden og ein del for landbruket til opp gjenom åra.

Andreas f.1902 var "husmor". Han var veldig flittig og vitelysten og er opphav til Årsetøysamlingane i Austefjord Museum.

Andreas og Knut eigde Årsetøya frå 1955.

Ola f. 1892 (Bulder-Ola) arbeidde på Volda Mekaniske Verkstad som smed, mekanikar og medarbeidar i produksjon av Volda-motoren. Han eigde Årsetøya frå 1932 - 1955. Han arbeidde mykje av tida i Volda og leigde rom der. Når helga kom reiste han heim til Årsetøya. I heimbygda var han ivrig deltakar i Hjartåbygda Skyttarlag og han sang i kor med base på Årset skule.

Samspelet mellom desse tre førte til praktiske løysingar på mange ting opp gjenom åra.

Kjelder

Informantar


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg MB «Fangstmann» M 54 VA er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.