Magnus Erga

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Steingard i Klepp frå mellomkrigstida.
Foto: Svein Efteland

Magnus Erga (fødd 26. september 1900 i Klepp, død 30. november 1989) var ein sterk dyrkningsmann frå Klepp i Rogaland.

Magnus Erga var fødd på Erga i Klepp og vart 89 år gammal. Med mange sysken på garden sat foreldra trongt nok i det. Magnus var eldst og måtte alt som gutunge ut i teneste. På ein lang og slitsam dag i torvskurden sat han att med 25 øre i neven! Lettare arbeid (som i potetopptak) vart det 20 øre dagen. Men han heldt seg godt med både sko og klede for dei pengane!

Han var sterk som ein bjørn og hadde svære kubbenevar, og han brukte ei flaske med vatn til ”vadder” når han grov grøfter. Slik vart han ein av dei store nydyrkarane i Klepp som burde vore med då Årsskriftet fortalde om mange stordyrkarar fram til 1950-talet, seier barnebarnet hans, Magne Erga, som er oppkalla etter bestefaren sin. Magne har mange levande minne om ein sers pådrivande slitar, då serleg ute på opptaksfeltet. Det vart sagt at Magnus dyrka nok til ein ”horveleg stor jærgard.”

Der var ikkje det arbeidet Magnus ikkje kunne setjast til. Best treivst han ”på opptak,” som me seier på «Jæren». Opptak sjølvsagt med spade, spett, pikka og steinbukk. Han arbeidde i eit veldig tempo, og var vida spurd for å få andre med seg i same farten. I fastmarkgrøftene heldt han jamnst 12-14 øre meteren. Ein gong forrekna han seg i eit ”pinnhardt” felt og klarte bare 1,50 kr til dagen. Kosten heldt han sjølv. Men ikkje tale om at han fekk meir betaling for det. Dette var i 1929. Ei flaske vatn var sikker ”vadder” (vater) i grøftene for Magnus. Ei gong grov han ein brunn på 19,5 meter, og det ”stod om livet” under arbeidet, vart det fortalt. Han grov mange brunnar, og i tillegg kom kanalgraving og steingardløing Kor langt i utstrekning han grov grøfter i si tid, visste han ikkje heilt. Men det var sikkert ”frå Orre til Stavanger og tilbake” sa han sjølv.

Maleri frå bygdemuseet i Dirdal.
Foto: Svein Efteland

Kor mykje dyrka han? I Ny Jord i 1952 skriv heradsagronomen i Klepp, Nils Skjerping, at når me reknar alt dyrking i heimbygda og i grannebygdene, ville det i alt utgjera ein ”horveleg stor jærgard.” Sikkert er det at han spadevende minst 100 mål i alt. Då rekna han ikkje med alt han dyrka med plog og hestar, som han kalla for ”bare spelearbeid.” Då han var 50 år, sa ein gardbrukar som hadde hatt Magnus i arbeid, at han hadde stått i hardt og kome over så mykje fordi han skofta sjeldan over ein dag i året, arbeidde for to og stundom vel så det! Derfor vedtok Orre bondelag i 1951 at Magnus måtte få offentleg påskjøning i ei eller anna form. Har nokon ”ein provins til landet lagt” er det i sanning Magnus Erga, konkluderar Ny Jord og heradsagronomen om den spreke 50-åringen.

Etter å ha budd to-tre stader, kjøpte han seg eit lite bruk på 12 mål dyrka på Rosland i 1935. Husa kosta han på 15 tusen, det var mange pengar på 1930-talet. Magnus var gift med Maria (f. Bollestad), og dei fekk to born. Maria var ei arbeidsglad kvinne, lik ektemannen. Utanom huset og familien stelte ho 3 kyr, 40 slaktesvin og 200 høns, og bruket var alltid like velstelt, ute som inne.

Magne fortel elles at farfaren også hadde ei fortid som vegbyggjar i Vats, der han var ”reine rallaren” i eit sterkt arbeidsmiljø. Magnus var gjerne smålåten av seg, men han var lettliva og gladlynt og fekk humøret opp på arbeidskameratane sine om arbeidet var aldri så ufyse og slitsamt.

Me har i alle fall her fått ”spadevendt” litt av historia etter ein rydningsmann av dei store i Klepp - frå tida før gravemaskinen fekk overtaket på dyrkningsfeltene. Då Skjærp´en og andre av dei maskinelle dyrkane kom med sine revolusjonerande gravemaskinar, og spada og steinbuken var avlegs, var han farfar svært ”øvegidde” over slike framsteg, fortel Magne til slutt.

Kjelder