Magnus Grimset

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Magnus Grimset (fødd 25. mars 1916 i Naustdal, død 18. august 2016) var bonde, lokalpolitikar (Sp) og heimevernsoffiser, busett i Naustdal i Sunnfjord.

Grimset gjekk på folkehøgskule og jordbruksskole før han byrja på befalsskule. Han var områdesjef og avsnittssjef i Heimevernet i Sunnfjord i 29 år, til slutt var han major.

Magnus Grimset hadde ei like lang karriere i lokalpolitikken i Naustdal. Han var medlem av kommunestyret i 32 år, sat i formannskapet i 28 år, var varaordførar i åtte år og ordførar i åtte år.

Han var dessutan ein sentral bondelagsmann, som formann i Naustdal Bondelag og Sogn og Fjordane Bondelag og ordførar i rådet til Norges Bondelag. Vidare var han styremedlem i Vestlandske Salslag og nestleiar i fylkeskrinsen av NKL.

Grimset fekk fleire heidersteikn; han var mellom anna æresmedlem i Senterpartiet og Bondelagets fylkeslag i Sogn og Fjordane.

100-årsdagen i 2016 vart feira på garden Hukset, der han tidlegare budde. NRK Sogn og Fjordane meldte om ein sprek og oppegåande jubilant, som mellom anna underhaldt gjestene på trekkspel. NRK lurte på korleis han ville «oppsummere 100 år - Det tek altfor lang tid å fortelje om. Difor fekk alle gjestane mine eit skrift om livet mitt. Der står alt du lurer på, ler han.»

Kilder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.