Mardal krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt frå fylkesatlas.no
Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Mardal krins i Gloppen kommune. Skulestad har vore både på Søreide og Mardal. Krinsen vart gjerne nemnt for Bukta krins.

I 1838 var Mardal krins ein del av 1. rode for Gimmestad skuledistrikt. Roden inneheldt gardane Ryssdal, Søreide, Mardal, Fitje, Arnestad, Elvebakke, Gimmestad og Moen. Etter krinsreguleringa i 1861 bestod Mardal krins av gardane Ryssdal, Søreide, Mardal og Fitje. I 1890 kom ei ny krinsregulering der Ryssdal vart skilt ut som eigen krins.

Det kom forslag om å leggje Mardal til Sandane krins i fleire omgangar, mellom anna i 1890 og 1962, 1964.

I 1969 vert Mardal skule ein såkalla "småskulekrins". Dei tre fyrste årskulla heldt fram med å gå på skule i Mardal, mens dei eldre elevane vart overførde til Sandane. Eit forslag om å tilbakeføre dei eldre årstrinna til Mardal kom opp i 1977, men ein held fram med ordninga frå 1969.[1] Eit nytt forsøk på å leggje ned krinsen kom i 1991, men forslaget vart vraka av kommunuestyret.[2]

Heile krinsen vart lagd til Sandane skule i 1995.[3]

Skulehus

Svart-kvitt foto av hus med gjerde rundt. To personar står lent mot gjerdet.
Gamle Mardal skule. Foto: Ukjend / Bygdeboknemnda i Gloppen / Fylkesarkivet i Vestland.

Mardal skule (1865-1924)

  • Byggeår: 1865
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

I 1916 var det gjort vedtak på krinsmøte om å leggje inn elektisk ljos i skulehuset.[1]

Stor folkemengde ståande opp langs og på sidane av trappa til eit skulehus.
Opning av den nye Mardal skule 1924. Bygdafolket, omlag 60 personar, står oppstilte mellom huset og gjerdet. Foto: Ukjend / Bygdeboknemda i Gloppen / Fylkesarkivet i Vestland
Mardal skule. Kvitt hus med ei karakteristisk tak eller vindfang over hovuddøra, med eit relief og teksten "1884 * Mardal skule * 1924". Huset har ein kjellaretasje delvis over bakkeplan, og ei stor trapp opp til hovuddøra i ein høg førsteetasje.
Mardal skule i 2016. Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)

Mardal skule (2)

  • Byggeår: 1924
  • Fungerte som skule: 1924-1995
  • Anna bruksområde: Bygdahus/forsamlingslokale

På eit krinsmøte i desember 1922 vart det einrøystes vedtak om å søkje om å få nytt skulehus på Mardal. Nytt hus vart bygt i 1924. Prisen på det nye skulehuset endte på 31 412, 71 kr.[1] Skulehuset fekk innlagd vatn i 1926.[1] I 1937 vart det igangsett oppussing av skulehuset. To år før, hadde ein også merka seg at katetret og skulepultane var frå 1898 og også hadde behov for opppussing.[1]

Skuledagen

Innføring av landsmål

Spørsmålet om målform vart reist i 1902, då det kom forslag til krinsmøtet i Mardal om å ta i bruk lærebøker i bibelhistorie og a-b-c på landsmål. Den gongen valde krinsen å avslå dette, men i 1906 kom målspørsmålet opp på ny. Då var eit fleirtal i krinsen for å ta i bruk landsmål som hovudmål for skulen. Reidar Mardal merka seg i sitt jubileumsskrift (1984) at det den første innføringa i krinsens møteprotokoll på landmål er frå desember 1912.

Reformasjonsjubileet i 1917

I 1917 feira ein 400-årsjubileet for reformasjonen med fest for skuleborn og foreldre. Her deltok born frå skulane Sandane, Austrheim, Ryssdal og Mardal. Fleire av lærarane held talar om Luther, reformasjonen og anna. Lærar Gudbrand Henden skildra festen i skuleprotokollen for Sandane:

Den 1ste november vart det halde reformasjonsfest – 400aarsf. for Luthers reformasjon – i Vanheim for Austrheim, Sandane, Ryssdals og Mardals krinsar. Den var halden som korgefest for skuleborni og foreldri – med tilgjengi for andre – inngangspengar 10 øre med serskild betaling for mat. Lærar[?] Solheim[?] tala um Luthers ungdomsaar. Gudbrand Henden: Luther som reformator – Worms – Magnhild Ha[??]: Luther i heimen, Ola Sande: reformasjonen i Noreg, Kristiane Lotsberg: Hans Nilsen Hauge. Paa festen var umk. 200 born og 120-30 vaksne. Den var sers hugnadsam og slutta burtimot kl.10. [4]

Skulevegen

Først i 1984 fekk ein veglys ved skulen. Då var omsynet til skuleborn og eldre nokre av argumenta for at skulen skulle prioriterast.[5]

Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Jens K. Arnestad Søreide, Mardal, Ryssdal (seinast 1865) 1905 Volda lærarskule "Flytte" med skulen frå Søreide, var lærar på Mardal til han slutta i 1905.[1]
M. A. Kjørvik Mardal, Ryssdal (1906?) (1906?)
Lasse Kristenson Solheim Mardal, Ryssdal 1905 1944
Magdeli Lothe Mardal 1936 Namnet også skrevet "Magdalena Lote" nokre stader.
Else Djuvstein Mardal 1941 1951 Var lærar i Mardal i tre periodar: 1941-43, 1945-47 og 1948-51.
Emely Myklebust Sande Mardal, Austrheim, Rygg 1943 1944 Seinare lærar i Austrheim krins.[6]
Ragnar Rygg Mardal 1944 1946
Asbjørn Tonning Mardal, Ryssdal, Sandane 1946 1959 Vart lærar på Sandane skule frå 1959.[1]
Malena Sande Mardal
Oddrun Aaland Mardal 1947 1948
Solfrid Hopland Mardal 1951 1952
Sigrun Hauge Mardal 1953 1955
Olaf Ødven Mardal 1955 (Før jul)
Olina Andenes Mardal 1955 (Før jul)
Helga Skrivervik Mardal, Austrheim[6] 1956 1965 Lærar i to periodar: 1956-62 og 1963-65
Målfrid Glomnes Mardal 6/2 1957 (ut skuleåret)
Helga Berit Eldevik Mardal 1962 1963
Kari Ese Stavøstrand Mardal 1965 1966
Inger-Åse Bieltvedt Mardal 1966 (Før jul)
Eldbjørg Kaldestad Mardal 1967 (Etter jul)
Jorid Henden Mundal Mardal 1967 1972 Lærar i to periodar: 1967-68 og 1969-72
Karin Glæstad Mardal 1968 1969
Gerd Sande Mardal 1972 1976
Aase Karin Mardal Mardal 1974 Var framleis lærar på Mardal skule i 1984.[1]
Karen Sofie Berdal Mardal 1981

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Mardal, Reidar (1984) Mardal skulekrins 100 år.
  2. Firda 1991.12.18. 19911218. Digital versjonNettbiblioteket.
  3. 'Sogn avis 1995.06.19. 19950619. Digital versjonNettbiblioteket.
  4. Dagbok for Sandane krins og Austreim krins, 1903-1926.
  5. Firda 1984.01.25. 19840125. Digital versjonNettbiblioteket.
  6. 6,0 6,1 Dagbok for Vereide krins og Austrheim krins, 1916-1966

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Mardal, Reidar (1984) Mardal skulekrins 100 år.
  • Sogn Avis
  • Avisa Firda
  • Firda tidend
  • Fjordabladet
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
  • Skuleprotokoll for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1928
  • Hovudbok for Mardal krins, 1928-1971
  • Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1893-1909
  • Dagbok for Mardal krins og Ryssdal krins, 1910-1947
  • Dagbok for Vereide krins og Austrheim krins, 1916-1966
  • Dagbok for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1875-1892
  • Dagsjournal for Søreide krins og Eide krins, 1863-1874
  • Skuleprotokoll for Søreide (Mardal) krins, Eide krins og Ryssdal krins, 1881-1909
  • Skuleprotokoll for Søreide krins og Eide krins, 1863-1880

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.763095° N 6.198977° Ø