Marith Tande

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Marith Tande
Foto: Alvilde Torp/Nasjonalbiblioteket

Marith Tande (fødd på Lesja 1852, død på Lillehammer 1926) var jordmor, forretningskvinne og kommunepolitikar. Ho vart ei framståande kvinne i det offentlege liv på Lillehammer, og var mellom anna med blant dei 100 fyrste kvinnene som vart innvalde i kommunestyra i 1901. Ho representerte Det konservative parti.

Foreldra var gardbrukarar på Lesja, Gunnar Olsen frå Uti-Håkåstad og Johanne Hansdotter frå Stor-Tande. Dei dreiv bruket Nordistugu Stor-Tande, der Marith vaks opp. Marith var nesteldst av sju sysken. Ho levde ugift heile livet.

Marith Tande flytta til Lillehammer som 15-åring. Ho må ha fått jordmorutdanning, da ho ei tid var jordmor i Gausdal. Seinare flytta ho attende til Lillehammer. Ho var tidleg ute også som kvinne med handelsrett, og oppnådde dette i 1885. Ho dreiv i mange år ei kortevareforretning, fyrst i Hoffs gård i Kirkegata, seinare i Finsruds gård i Storgata. Då Marith Tande stilde til val på bystyret i Lillehammer i 1901, må ho minst ha tent 400 kroner i året på kortevareforretningen sin. For det var berre kvinner som skjølv hadde ei årsinntekt på mist 400 kroner, eller ein ektemann som minst tente dette, som hadde rett til å stemme og sjølv stille til val.

Saman med Karoline Skar vart Marith Tande valt inn i bystyret etter at kvinnene for fyrste gong hadde fått stemmerett ved kommuneval. Marith Tande representerte Det Konservative parti og sto som nummer 2. på lista til partiet. Ho vart valt inn i bystyret med 521 røyster. Tande sat i fleire periodar. Ved valet i 1904 kom ho inn i bystyret frå partiet De Moderate og Konservative Avholdsfolk. Tande fekk 273 røyster og kom inn som ein av tre frå partiet hennar. Ved bystyrevalet i 1907 vart Tande valt inn i bystyret frå Avholdsfolk med 228 røyster. Ho kom då inn i bystyret som ein av to frå hennar parti. Det er spanande å sjå at Tande hadde ein så framståande rolle i partiet Avholdsfolk, i ei tid då kvinner flest ikkje hadde politiske posisjonar. Ved bystyrevalet i 1910 hadde Tande bytta parti til Høyre og Frisinnede Venstre. Ho fekk heile 1428 røyster, og fekk med dette ein varaplass i formannskapet. Forhandlingsprotokollen til Lillehammer formannskap og bystyre viser at ho møtte i formannskapet 24. januar 1913.

Tande var domsmann saman med Margrethe Grundtvig og Malene Grindal i perioden 1914-16, og ho hadde verv som medlem av likningskommisjonen og fattigstyret. Å sitte i fattigstyre var ikkje uvanleg for kvinner, dei vart ofte vald inn i styrer og nemnder med oppgåver innanfor omsorg for born, gamle, sjuke og fattige.

Tande var ei særs samfunnsengasjert kvinne også utanom politikkken, mykje i kristeleg samanheng. Ho fekk skipa Kristelig forening av unge kvinner (KFUK) på Lillehammer i 1890. Gjennom denne foreininga var ho primus motor i reisinga av Søndagshjemmet i Skolegata, ein institusjon som tilbaud husvære og oppbyggeleg miljø både for unge einslege yrkeskvinner og for eldre kvinner utan midlar til å greie seg sjølve. Tande var lenge sjølv forstandar for Søndagshjemmet. Ho var også med i styret for eit velferdstiltak for soldatane på Jørstadmoen, Soldaterhjemmet. Tande var dessutan aktiv i Lillehammer sanitetsforeining, og i 1912 vart ho med i byggjekomiteen for tuberkuloseheimen som stod ferdig der i byen tre år seinare.

Marith Tande vart tildelt Kongens fortenstmedalje i gull.

Kjelder og litteratur

  • Feiring, Trond: Lillehammer og Fåbergs historie. Bind 2. Byen og bygda. Materiell vekst og kulturell blomstring. Utg. av Lillehammer kommune m.fl. ved Thorsrud AS Lokalhistorisk forlag 2004. (Side 410.)
  • Marith Tande i folketelling 1885 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet
  • Marith Tande i folketelling 1900 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet
  • Marith Tande i folketelling 1910 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet
  • Anne Furbø i folketelling 1910 for Lillehammer kjøpstad fra Digitalarkivet (Innførsel om Søndagshjemmet).
  • Gunnersen, G. F.: Lillehammer i nitti aar 1827-1917. Lillehammer 1917. (Side 342.)
  • Kjelland, Arnfinn: Bygdebok for Lesja. Bind 3. Gards- og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn. Lesja kommune 1996.(Side 99.)
  • Lillehammer Tilskuer 6.7.1910: Omtale av Marith Tande i høve hennar 25-års jubileum som handlande.
  • Pryser, Tore: "Samfunnsgrupper og levekår rundt århundreskiftet," i Fåberg og Lillehammer bd. 12. Lillehammer i 1890-årene. Lokalskrift utg. av Fåberg historielag 1992. (Side 48.)
  • Heimesida til Fylkesarkivet i Oppland. Kvinner i bystyret og formmanskap 1901- 1913.[1]
  • Forhandlingsprotokollar til valstyre i Lillehammer kommune, Fylkesarkivet i Oppland
  • Forhandlingsprotokollar til formannskap/bystyre Lillehammer kommune, Fylkesarkivet i Oppland

Eksterne lenker


Logo De 100 første.jpg Marith Tande er del av prosjektet De 100 første kvinner i kommunestyrene som er kommet i stand i forbindelse med Stemmerettsjubileet 1913-2013. Artiklene i denne serien er tilgjengelig i denne oversikten.