Maurstad (Bykle gnr 3/35)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Maurstad
Rydda: 1965
Utskilt: 1965
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 35
Type: Bustad- og utmarkseigedom

Maurstad er ein bustad- og utmarkseigedom i Berdalen i Bykle kommune. Denne verestaden ligg fem hundre meter sunnafor Nordli på vestsida av riksvegen. Det har aldri vore drive noko gardsbruk her, men eigedomen er på 60 mål, står det i matrikkelen. Det var Dreng Tarjeisson Bakken som i 1965 makeskifte til seg dette stykket frå A/S Sætersdalen (frå gnr 3, bnr 6) mot eit tilsvarande stykke i Ørnefjødd. På slutten av 1960-talet sette ein av sønene hans seg opp hus og garasje her. Han fekk tinglyst skøyte på eigedomen i 1990.

  • Åge Drengsson Bakken, f 1939
g 1966 m Gro Jorunn Toresgard, f 1948, d 1980. Born:
  • Dreng Jostein, f 1966, ug, sjå Maurstad II, gnr 3, bnr 272
  • Torbjørn, f 1971, g hv m Heidi Jansen, sjå nedanfor.

Gro Jorunn kom frå Møsstrond, Rauland. Ho var dotter åt Tora og Jon Toresgard, og syster åt Ingebjørg, som er gift med Håkon O. Breive (sjå Skogheim, gnr 5, bnr 7). Åge hadde drive som anleggsarbeider i 20 år, og farta vide i kring, då Gro Jorunn døydde i ei bilulukke i desember 1980. Då han såleis vart åleine med sønene, omskolerte han seg, og vart styrar på vassverket på Hovden. Han sto i denne stillinga til han gjekk av med pensjon i 2001.

Båe sønene åt Åge og Gro har fått seg opp hus på eigedomen åt faren. Tomta åt Torbjørn tykkjest liggje på bnr 35, så me lyt setje han og familien hans opp under dette bruksnummeret.

  • Torbjørn Bakken, f 1971
g hv m Heidi Jansen, f 1969. Born:
  • Gro Jorunn, f 1997
  • Ørjan, f 1999

Torbjørn bygde huset sitt her i 1998. Han er anleggsarbeidar av yrke. Heidi Jansen er frå Arendal. Ho og borna bur nå (2004) på Hovden.


0941 Bykle komm.png Maurstad (Bykle gnr 3/35) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solhaug (Bjones) • Neste bolk: Granly