Mjølhaugane støl (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinater: 60°31′7″ N 8°2′30″ Ø


Attgrodde ruinar etter noko som antakelig har vore ei steinbu til stølen Mjølhaugen, Ustaoset.
Foto: Marianne Wiig (2012).

Stølen Mjølhaugane låg på Ustaoset i Hol kommune. Stølen høyrde opphavleg til garden Geilo i Ustedalen. Ved delinga av garden i 1772 følgde han nedre nordre Geilo. I 1808 selde Ola Knutson Geilo garden med stølar til verbroren Lars Olson nedre Geilo. Åtte år seinare kjøpte Svein Olson Rudningen (1769-1861), Holet, stølen med bu, hamn og ved. Han kjøpte på denne tida fleire stølar i området kring Ustaoset, mellom anna i Prestholt. Restar etter ei eller fleire steinbuer og steingjerder ligg i dag (2012) på ein skrå voll nedanfor Mjølhaugane.

Sjå også

Oversyn over setrer på Ustaoset.

Kjelder

  • Reinton, Lars og Sigurd: Folk og fortid i Hol. I kommisjon hos Grøndahl, 1938-1982. Bind 3 og 7.