Moselia (Bykle gnr 15/71)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Moselia
Gjerden 60h.jpg
Moselia pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1979
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 71
Type: Bustadeigedom

Moselia i Bykle vart utskilt frå bnr 11 i 1978, då I/S Øvre Otra kaupte tomta hjå Bykle kommune. Kraftselskapet sette opp hus her året etter.

Dei som budde her frå huset var nytt var den fylgjande familien:

  • Lars Aase, f 1943, d 1986
g m Liv Marit Mikkelsen, f 1945, busett Ski, ekspeditør. Born:
  • Svein Inge f 1977, eigedomsmeklar, 2003 busett Ski.
  • Hans Eivind f 1979, bed. øk. 2003 busett Oslo.

Lars Aase var ingeniør i I/S Øvre Otra. Han kom frå Tørvikbygd i Hardanger, og var son åt Hans og Sella Aase. Liv Marit Aase er frå Ski, og dotter åt Erling og Inger Johanne Mikkelsen.

Familien Aase kom til Bykle hausten 1978, og budde fyrste året i ei brakke som Mikkel Haugen på den tid hadde ståande rett nedanfor huset åt Folke Nesland. Etter at Lars døydde i 1986, vart Liv Marit og sønene buande i 3 år, men hausten 1989 flutte dei til Ski, der ho fekk seg arbeid i ei møbelforretning.

Då Liv Marit Aase flutte ut, vart huset ståande tomt ei stund, men i 1991 flutte Thor Fjermeros inn.

  • Tor Fjermeros, f 1964
g 1995 m Lene Johanne Grorud, f 1967. Born:
  • Lars Erik, f 1992
  • Tom Stian, f 1994

Thor Fjermeros er frå Vennesla, og son åt Sigmund og Grethe Fjermeros. Han arbeider som driftsingeniør i Agder Energi, kom hit i 1991, og leigde huset hjå kraftselskapet inntil dei kaupte det i 2001.

Lene Johanne Grorud Fjermeros er frå Tønsberg, og dotter åt Reidar og Bjørg Grorud. Ho kom til Bykle i 1989, og arbeider som kokk og assistent på bygdeheimen.


0941 Bykle komm.png Moselia (Bykle gnr 15/71) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Utsyn • Neste bolk: Kommunebo