Muren (Bykle gnr 14/37)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Muren
Byklum 128.jpg
Muren 7.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1964
Utskilt: 1964
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 37
Type: Bustadeigedom

Muren i Bykle ligg på nedsida av vegen like austom tunet i Uppistog, og rett nedanfor den attlagde plassen Uppistogs-Haugo.

Det var Dreng Tveiten som fekk skilt ut tomta frå Uppistog, og sette opp hus for seg her, det var i 1964. Dreng var son åt Dreng Åsmundsson Tveiten på Uppistog og kona, Margit Olavsdotter, fødd Byklum.

  • Dreng Drengsson Tveiten, f 1928, tvill., d 1974, ug.

Dreng var anleggsarbeidar. Etter at han døydde i 1974, vart det til at tvillingbroren, Gunstein, overtok huset hans. Gunstein og kona hans flutte hit frå Arendal i 1976.

  • Gunstein Drengsson Tveiten, f 1928, tvill.

g 1956 m Ingebjørg Holm Johansen, Oslo, fødd 1935. Born:

  • Øyvind André, f 1957, ekspeditør, g m Marit Lillian Sætre, Ørsta, f 1959, busett Ørsta
  • Steinar Gunsteinsson, f 1962, kulturadm., g m Hillary Geer, Boston, USA, busett Oslo

Gunstein er utdanna gartnar, og dreiv i mange år i det yrket i Oslo og Trondheim. Sidan var han banemeister på ein fotballbane i Arendal, og etter kvart industriarbeidar, inntil han flutte hit i 1976.

Etter dette dreiv han med gartnararbeid for I/S Øvre Otra og Bykle kommune til han gjekk av med pensjon i 1987.


0941 Bykle komm.png Muren (Bykle gnr 14/37) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Solheim • Neste bolk: Systog