Nesjane krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nesjane skule
Foto: Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nesjane krins (også kalla Hestenes krins) i Gloppen kommune ligg i opninga av Hyefjorden. I 1838 var Nesjane krins 1. rode i Næsje distrikt. Krinsen famna då om gardane Devik, Kvitenes, Hestenes, Eikenes, Skjerdal, Hyenes, Skeistrand og Årevik.

I 1860 var det ny krinsregulering. Då vart Nesjane ein del av ein todelt krins med gardane lenger inn i Hyefjorden. Del 1. Nesjane, famna då om gardane (...), Hestenes, Øyra, Eikenes, Skjerdal og Hyenes.

Under krinsreguleringa i 1890 foreslår skulestyret at Anda/Devik krins og Skeistrand krins blir slått saman med Nesjane krins. Kommunestyret i Gloppen kommune gjekk i mot dette forslaget og krinsane held fram som før. I 1915 var det berre to elevar i Devik og 5 elevar i Skeistrand krins og dei vart lagt til Nesjane krins.

I 1928 var det berre 5 elevar att i Osmundnes krins, så krins vart lagt til Nesjane. Ungane frå Kleppenes og Osmundnes måtte bu vekke medan dei gjekk på skule i Nesjane.

Nesjane krins vart seinare slått saman med Rygg krins i 2000.

Skulehus

Nesjane skule (1)

  • Byggeår: 1865
  • Fungerte som skule: 1865-1922
  • Anna bruksområde: Skulehuset vart selt til læraren

Nesjane skule (2)

  • Byggeår: 1922
  • Fungerte som skule:
  • Anna bruksområde:

Det nye skulehuset var innvigd 28. september 1922.[1]

Skuledagen

Skulevegen

Skuleborna som budde lengst frå skulen måtte bu vekke når dei gjekk på skulen. Ola M. Hestenes skriv i boka Nesjane krins at på grunn av dette var det ei veke småskule for dei tre fyrste åra, og ei veke for dei fire siste. Storskulen "hadde to fjortendags-turar" kvart år fordi dei skulle ha lenger skuletid enn småskulen. Vidare skriv han om skulevegen at:

Berre frå Devik var det mogleg å ta seg fram til fots, men det tok ein time å gå. Foreldra til borna frå utkantane hadde eit slit med å få borna til skulen på måndag og heim på laurdag, som også var skuledag i den tida. Martinus Mettenes var den fyrste som stod for offentleg skuleskyss til Nesjane skule.

I fyrste tida var færingsbåten framkomsmiddelet. Martinus hadde nok mange harde tak, og hardt vart det nok for borna som måtte sitje i open båt frå grenda og til Øyra.

Eg minnest ein kveld eg tilfeldig var ute på Neset når Martinus kom roande. Det var klarver og kaldt med ein bitande austavind. Om borna sat godt tilpakka i båten, så var dei minste som ikkje kunne ro ganske nedkjølte. Martinus bar fleire av dei opp på kjøkenet til Magnhild på Neset, og du verden kor fort dei rakna til igjen. Etter ei tid attmed komfyren og eit godt måltid mat var leiken i full gang.[2]


Lærarar

Namn Fødd Skule Tilsett år Slutta år Utdanning frå Merknad
Ola Josefson Hestenes 1822 Nesjane, Vereide 1838 (Nesjane), 1852 (Veriede) 1890 Prostprøve
Anders Abs.son Hestenes 1842 Nesjane, Skeistrand 1864 1894 Prostprøve 1864
Jens Jakobsen Lothe 1863 Nesjane, Skeistrand 1894 1898 Stord lærerskole 1884 Seinare lærar i Volda og Ålesund.
Anders R. Heien 1876 Nesjane, Skeistrand, Rygg 1898 1902 Volda lærarskule 1898
Jakob M.A. Lothe 1881 Nesjane, Skeistrand, Lote 1902 (1912?) Volda lærarskule 1901, Lærarhøgskulen 1922-1923 Tilsett i framhaldsskulen 1912.
Lars Kr. Arnestad 1882 Nesjane, Skeistrand 1919 (1947?) Volda lærarskule 1902
Jon Eikenes Nesjane (seinast 1948) (tidl. 1959)

Foto

Fotnotar

  1. Dagbok for Hestenes (Nesjane) krins og Skeistranden krins, 1898-1923. Innføring for Nesjane 1922.
  2. Hestenes, Ola M.. Nesjane krins., side 32-37.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Hestenes, Ola M.. Nesjane krins. Utg. [O.M. Hestenes]. no#. 2001. Digital versjonNettbiblioteket
  • Sandal, Per (1978) Soga om Gloppen og Breim, band 1. Sandane.
  • Sandal, Per (1979) Soga om Gloppen og Breim, band 2. Sandane.
  • Femårsmeldingar om folkeskulen 1891-1895, 1896-1900 og 1901-1905
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1828-1890
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1890-1927
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1927-1947
  • Møtebok for skulestyret i Gloppen, 1947-1957
  • Dagbok for Hestenes (Nesjane) krins og Skeistranden krins, 1898-1923
  • Skuleprotokoll for Nesjane krins og Hestenes krins, 1845-1862
  • Ekstrakt-protokoll for Hestenes krins, Strømme krins, Skeistrand krins og Nesjane krins, 1889-1911
  • Hovudbok for Nesjane krins, 1922-1972

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.838946° N 6.006084° Ø