Nils Larsson Li

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Nils Larsson Li (døypt 20. juli 1732 i Luster, gravlagd 16. mai 1808) kom tidleg til Jostedalen og gifte i 1776 med Bertha Hansdotter frå Vigdalen.

I 1772 fekk han bygselbrev på Li og dreiv garden til 1795 då sonen Lars tok over.

Nils Li låg i ein lang rettstvist med Otto Olson Grov etter at Grov hadde ærekrenka han, og Li vann.[1] Otto Grov var kyrkjeeigar, og på auksjonen i samband med dødsbuet etter Grov, kjøpte Nils Li Jostedal kyrkje i lag med Erik Anderson Åsen (skøyte 1. juni 1785). Dei åtte kyrkja til 1793.

Notar

  1. Laberg 1944, s. 66

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 668. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.

Eksterne lenkjer