Myro Der nede (Bykle gnr 18/4)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nordigard Myro (Bykle gnr 18/4)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Myro Der nede
Bjørnarå 22.jpg
Dette er stoga i Der nede ein gong i 1960-åra. Diverre brann dette huset 6.10.2005, så her ser ikkje lenger såleis ut. Bilete frå Torjus Lunden på grannebruket.
Alt. namn: Nordigard Myro
Rydda: 1921
Stad: Bjørnarå
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 18
Bnr: 4
Type: Gardsbruk

Bureisingsbruket Myro Der nede i Bykle kommune, som ligg vestom Bjørnarågardane, ned mot Bjørnaråhylen, vart utskilt frå Der heime i 1921. Det er litt rart at det skulle verta kalla Nordigard i matrikkelen, ettersom det ligg sør for det hitt, jamgamle bureisingsbruket i Bjørnarå, som vert kalla Uppigard, men såleis er det. Til dagleg går likevel båe bruka under namnet Myro, Nordigard er Myro Der nede, Uppigard er Myro Der uppe, og dette virkar meir logisk.

Det var Hallvard Knutsson Skarberg og kona, Jorunn, fødd Haugen, som fekk kaupe denne parsellen av Der Heime. Seljaren var Tarjei, son åt Jorunn, som hadde overteke Der heime etter faren. Jorunn var enke etter Bjørgulv T. Bjørnarå då ho gifte seg med Hallvard i 1910. Hallvard var son åt Knut Ånundsson Skarberg, som på denne tid var brukar i Der heime, og kona, Torbjørg Hallvardsdotter, fødd Uppstad.

Hallvard Knutsson Skarberg på bilete frå 1960-åra. Han rudde bruket her. Bilete frå Birger N. Trydal.
  • Hallvard Knutsson Skarberg, f 1888, d 1965
g 1910 m e Jorunn Olavsdtr. Bjørnarå, f 1869, d 1926. Born:
  • Torbjørg, f 1911, g m Mikkel Eivindsson Trydal, sjå Uppistog Tykkholt, gnr 17, bnr 16
  • Bjørgulv, f 1914, g m Gunvor Åsmundsdtr. Trydal, sjå Svingen, Trydal, gnr 17, bnr 22

I 1926 døydde Jorunn. Tre år seinare vart bruket selt på auksjon. Tilslaget gjekk til den nyslegne enka Margit O. Trydal for kr 1400. Ho og familien hennes hadde til då budd i Bjørnarå Der aust og bruka der. Kvar Hallvard og folket hans budde nest etter salet, har me ikkje funne ut, men seinare var dei iallfall i Svingen i Trydal.

Så kjem me til den nye eigaren frå 1929.

Olav Bjørnarå. Bilete frå Torjus Lunden.
Åshild Bjørnarå. Bilete frå Torjus Lunden.
  • Margit Olavsdotter Trydal, f 1874, d 1953
g 1900 m Olav Gunnarsson Trydal, f 1872, d 1929. Born:
  • Ingebjørg, f 1902, d 1967 ug
  • Olav, f 1904, d 1989, ug
  • Gunnar, f 1905, d 1965 ug
  • Åshild, f 1907, d 1979 ug
  • Birgit, f 1908, til Amerika 1926, d i Alta, Alberta, Kanada, 1939, g m Ingvald Lie, born:
  • Olga Marie
  • Chester
  • Ingjerd, f 1910, d Holla, Telemark 1959, g 1940 m Olav Helleiksson Midtbø, Breive, f Jeiskeli, sjå Midbø Breive, gnr 1, bnr 7
  • Knut, f 1914, d 1992, ug
  • Hallvard, f 1917, d 1945, ug

Margit var frå Der inne i Breive, dotter åt Olav Alvsson Breive på det bruket og kona, Åshild Hallvardsdotter. Olav Gunnarsson var son åt Gunnar Olsson Hoslemo og kona, Ingebjørg Folkesdotter Trydal. Desse kan ein lesa om under Ytre Moen i Trydal. Olav og Margit bruka Der aust i Bjørnarå frå 1905 til han døydde i 1929.

Av dei åtte syskena var det berre Birgit og Ingjerd som flutte ut og gifte seg. Åshild gjekk heime og stelte for mor og sysken så lenge ho livde. Olav hadde ved sidan av bruket arbeid i vegvesenet, medan Knut mykje var ute på anleggsarbeid.

Margit sto som eigar av bruket Der nede til 1940, då ho skøytte det over til eldste sonen.

  • Olav Olavsson Bjørnarå, f 1904, d 1989, ug

Fyre Knut, som var den siste attlivande av syskena, døyde i 1992, hadde han skrive testament, der han etterlet eigedomen til Inger Marit Liane, fødd 1963. Ho er dotter åt Knut Midtbø på Ulefoss, som atter er son åt Ingjerd Olavsdotter i familielista ovanfor. Inger Marit sit med eigedomen i dag. Ho er gift med Øyvind Liane frå Åmli, og busett i Seljord.

Eigedomen er på 10 mål innmark og ca 500 mål utmark.

Eksterne lenkjer


0941 Bykle komm.png Myro Der nede (Bykle gnr 18/4) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Bjørnarå Der heime • Neste bolk: Myro Der uppe