Nordli Lien (Bykle gnr 3/184)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nordli Lien
Rydda: 1984
Utskilt: 1984
Stad: Berdalen
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 3
Bnr: 184
Type: Bustadseigedom

Nordli Lien ligg på vestsida av riksvegen hundre meter sør for tunet på Nordli, bnr 18. Dei som bur her (2006) er den fylgjande familien:

Torbjørn Hegstad, f 1946

g m Else Brekke, f 1957. Born:
  • Kathrine, f 1988
  • John Are, f 1989

Torbjørn og Else kom båe til Bykle for å arbeide på anlegget i 1980. Dei gifte seg i 1984, og kaupte tomta her hjå Kay Jeiskelid same året. Til nyttår 1985 kunne dei flytje inn i det nye huset sitt.

Torbjørn er frå Rjukan, og son åt Maja og Arvid Eriksen. Hegstadnamnet har han frå familien åt bestemora, som kom frå Trøndelag. I yrkeslivet er Torbjørn driftsoperatør på renseanlegget på Hovden.

Else er frå Voss, og dotter åt Katrine og John Brekke. Ho arbeider som kokk på bygdeheimen i Bykle.


0941 Bykle komm.png Nordli Lien (Bykle gnr 3/184) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Nordli Lien • Neste bolk: Hagen

Koordinater: 59.49266° N 7.41936° Ø