Nordre Gudbrandsdalske kompani

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Nordre Gudbrandsdalske kompani kan nyttast som ei samlenemning på den avdelinga av Hæren som i hovudsak bestod av utskrivne soldatar frå Lesja prestegjeld, Lom prestegjeld og Vågå prestegjeld i Gudbrandsdalen. Kompaniet kom til i 1657 ved opprustinga i samband med Krabbekrigen da Opplandske regiment vart frådelt frå Akershusiske regiment. På Ovenstads plansjeverk er kompaniet av og til nemnt «Waageske».

Etter ei omorganisering av Akershusiske i 1650 var 5. kompani utskrive frå Gudbrandsdalen, med 90 mann frå Vågå og Lom, men ingen frå Lesja.[1]

Dei militære rullane (sjå nedafor) er dei beste kjeldene til å identifisere dei avdelingane soldatar frå ymse lokalsamfunn gjorde teneste i, for sjølve kompania hadde i tiåra etter at Hæren vart etablert som regel namn etter sjefen eller eit nummer. Den første sjefen for kompaniet var major Poul Michelet.[2]

Frå starten på 1660-åra er det teke vare på slike rullar for Opplandske regiment, og dei syner at:[3]

  • i 1662 var det rulleført 142 mann frå Lesja, Vågå med Sel / Breibygda og Lom i 5. kompani under kaptein Johan Wade
  • i 1665 var det rulleført 139 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
  • i 1670 var det rulleført 135 mann frå desse prestegjelda i kaptein Ole Bruns kompani
  • i 1693 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani
  • i 1696 var det rulleført 140 mann frå desse prestegjelda i kaptein Brünecks kompani

På Kjærlands plansjeverk for perioden 1662-1718 er kompaniet kalla Nordre Gudbrandsdalske.

Etter den nye hærordninga frå 1718 er nemninga også bruk om Lesja kompani, men da er soldatane i hovudsak utskrivne frå Lesja prestegjeld. Dermed kan ein seie at dette kompaniet opphøyrte i 1718.

Kjelder

Referansar

  1. Bull 2002: 32.
  2. Bull 2002 side 37.
  3. Tala samsvarar ikkje heilt med Bull 2002 side 37, som har 147 mann i kompaniet, truleg ved etableringa av regimentet.