Notun (Bykle gnr 15/20)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Notun
Gjerden 41a.jpg
Hjå Liv Mandt 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1964
Utskilt: 1964
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 20
Type: Bustadeigedom

Notun er det fyrste kommunale bustadhuset i Byklebygdi. Det vart oppsett til lærarbustad i 1964, etter at tomta same året hadde vorte utskilt frå bnr 11, då Bykle kommune kaupte henne hjå Gunhild T. Rygnestad.

Dei som budde her dei fyrste åra var Knut Gjerden og kona Gro, fødd Nomeland. Dei flutte åt Akkerhaugen i Sauherad i 1968, men kaupte seg same året ei tomt i Nedre Sarv, og sette opp hus der i 1972. Den nærare omtalen av dei er plassert i bolken om det nye huset deira (Asparås, bnr 32).

Etter at Knut og Gro Gjerden flutte ifrå vart Bjarne Tveiten og huslyden hans leigebuarar her. Dei var her til 1983, då dei kaupte eit anna hus på byggjefeltet hjå kommunen. Der bur dei i dag, og ein kan finne ein nøyare omtale av dei i bolken om den verestaden (gnr 15, bnr 64 Gosen).

Dinest kom Jarle Knutsen og Aina Velde hit. Dei flutte til Bykle frå Kristiansand i 1991, og budde dei fyrste åra i Bjårlii 16-18. I 1994 flutte dei til huset her, og i 1998 kaupte dei huset hjå kommunen. Sidan bygde dei innåt det.

  • Jarle Knutsen, f 1960
g 1988 m Aina Velde, f 1962. Born:
  • Martin, f 1989
  • Simen, f 1994
  • Jonas, f 1996

Jarle og Aina er båe frå Arendal. Han er son åt Reidar og Karin Knutsen. Ho er dotter åt Kjartan og Ellen Karine Velde.

Jarle er vernepleiar av utdaning. Han var helse- og sosialsjef i Bykle kommune 1991-98, sidan var han sektorsjef i kommunen i tre år, og dinest personal- og sosialkonsulent, inntil han vart helse- og sosialsjef i Vinje kommune hausten 2001. Aina er sjukepleiar og har arbeidd ved Bykle lækjarkontor. Frå juni 2005 har dei båe gått over i nye stillingar, Aina som sjukepleiar ved Fevik legesenter, Jarle som sosial- og barnevernleiar i Froland kommune. Huset sitt her selde dei kort etter til Liv Mandt, som flutte inn 1.7. 2005.

Liv er dotter til Gudveig og Olav Mandt (sjå Gegabu, bnr 94). Ho budde tidlegare ilag med Torfinn Haugen i Jernvegen 31 på Hovden (gnr 2, bnr 643), og har to born med han:

  • Liv Mandt, f 1972. Born:
  • Julie, f 1998
  • André, f 2001

Liv arbeider som sekretær i Bykle Vindu.


0941 Bykle komm.png Notun (Bykle gnr 15/20) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Livodd • Neste bolk: Fossheim