Olaf Heitkøtter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Møte i Lesja Fjellstyre kring 1956, Olaf Heitkøtter i midten bak.
Foto: Ukjent

Olaf Heitkøtter (fødd 26. mars 1928 i Sel, død 11. oktober 2013) vart i 1950 tilsett som den første fjelloppsynsmann på heiltid i Noreg, og var aktiv i naturforvalting og naturvern heile livet. I 1989 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for denne innsatsen.

Fiskeforvaltaren

Olaf vart tidleg natur- og friluftsinteressert og meldte seg inn i Sel Fiskeforening alt i konfirmasjonsalderen. Denne foreininga dreiv med utsetting av yngel i elver og vatn, og dette var noko som interesserte Olaf i særleg grad. Han dreiv sjølvstudium i fiskeoppdrett og hadde planlagt å søkje seg inn på ein svensk fiskeriskule, men vart avbrote av militærteneste i Tysklandsbrigaden. Dette vart likevel ei viktig erfaring, for han var forlagt like sør for grensa til Danmark og fekk høve til å besøke fiskeoppdrettsanlegg der. Mange danske bønder hadde enkle anlegg og produserte fisk for sal, og nokre hadde òg små klekkeri der dei skaffa seg yngel til eige bruk eller sal.

Klekkeriet Olaf fekk bygd ved Lesjaverk fyrst på 1950-talet.
Foto: Arnfinn Kjelland

Ikkje lenge etter at han kom heim att, fekk Olaf sjå eit oppslag i lokalavisa om at Lesja Fjellstyre drøfta tiltak for å forbetre fisket i dei to store statsålmenningane i bygda. Han tok da straks kontakt, og fekk tilbod om jobb som jaktoppsyn under reinsjakta hausten 1950. Den må han ha gjort godt, for kort tid etter han var heime att fekk han telefon frå fjellstyreformannen, Johan Lyftingsmo, med tilbod om fast stilling som fjelloppsynsmann med 4000 kr i årsløn. Arbeidsgjevar skulle vere fjellstyret og Lesja Fiskeforening. Han tok i mot tilbodet og reiste opp til Lesja att med kveldstoget.

Olaf starta med å utbetre fiskeforeininga sitt klekkeri ved Lesjaskogsvatnet og så mobilisere bygdefolket til å bere yngel ut i fisketome fjellvatn. Alt første hausten fekk han etablert ein settefiskdam, og den etterfølgjande vinteren vart han engasjert saman med fagfolk frå fiskeriinspektøren for å ta botnprøver i dei vatna som om få år skulle neddemmast i samband med Aurautbygginga. Utbyggaren var òg pålagt å sette ut fisk i magasinet, og i 1953 fekk fjellstyret oppdraget med å levere 30 000 settefisk årleg. Det vart løyst ved å bygge ein settefiskdam på 30 dekar på Svinsarmyre på Dalsida. I 1959 vart det bygd ein dam i til same området på 20 dekar og eit nytt klekkeri med stor kapasitet på Lesjaverk.

Klekkeriet og settefiskdammane hadde kapasitet ut over behovet i Lesja, og fisk og yngel har både vore ei inntektskjelde for fjellstyret og vore uttransportert til elvar og vatn i kommunen.

Villreinforvaltaren

Da Olaf begynte som fjelloppsynsmann i 1950 var villreinstamma i på Dovrefjell på veg inn i ei krise – stamma var større enn det beitet tålte. Det oppstod ein langvarig konflikt mellom Landbruksdepartementets jaktkontor og dei lokale rettshavarane og Norges Jeger- og Fiskerforbund. Store flokkar av rein trakk over jernbanen og riksvegen til Rondane og Knutshø-området for å finne beite.

Konflikten førte til eit varig samarbeid blant rettshavarane i Snøhettaområdet om villreinforvaltinga.

Eit anna resultat av den alt for store villreinstamma i Dovrefjell var at flokkar òg trekte sørover til fjellområdet mellom Lesja og Ottadalen. I det området var det ikkje villrein på denne tida, men tamreindrift ved Trio Tamreinlag. I løpet av første del av 1960-talet vart tamreindrifta avvikla og området teke over av villrein. Olaf var aktivt med i å utplassere innkjøpt rein i området. Det var òg han som foreslo namnet Reinheimen på området.

Naturfotografen, forfattaren og naturvernaren

Olaf vart interessert i teikning og fotografering i barndomen. Da ein fotograf i 1943 annonserte eit kamera med film i bytte mot tyttebær, plukka Olaf raskt 10 kilo, fekk kameraet og var i gang. Gjennom åra tok han tusenvis av bilde, etter kvart fargelysbilde, og vart ein etterspurt lysbildekåsør. Olaf innsåg at slike kåseri med naturbilde var ein særs god form for å formidle eim naturvernbodskap, og la stort engasjement i denne verksemda i mange år. På ein tur til Bergen hadde han sju skulebesøk og eit ope kveldsforedrag på ein dag, så det kunne bli slitsamt.

Etter kvart gjekk Olaf i gang med smalfilm, og produserte etter kvart fleire flotte naturfilmar som òg vart viste på NRK fjernsynet. Størst suksess gjorde kanskje filmen Trolltjønn, vist første gong påska 1978. Seinare brukte Olaf filmmediet aktivt til å støtte vernekampen mot utbygging av Rauma- og Ulvåavassdraget, ein kamp han var med på å vinne. Filmen Fra Brefjell til Fjord vart sett opp 17. mai 1978 og gjorde eit stort inntrykk også på lokale og regionale politikarar.

Fotografering og filming vart følgt opp av forfattarverksemd, der natur og friluftsliv var hovudtema.

Familie

Olaf Heitkøtter var bror til Normann Heitkøtter og Fredrik Heitkøtter. Far deira kom som flyktning til Noreg under første verdskrigen. I 1997 fekk Olaf og Normann Den Norske Friluftsprisen.

Olaf gifta seg i 1956 med Else K. Svendsrud frå Lesjaskog. Dei fekk tre barn og bygde seg hus på Lesjaverk i 1962.

Olaf Heitkøtter gjorde òg ein viktig innsats i leiinga av leitinga etter dei to ungane frå Mølmshaugen som forsvann seinhaustes 1957.

Bøker av Olaf Heitkøtter

  • Reinheimen, Fra en fjelloppsynsmanns dagbok. 1974.
  • Trolltjønn. 1979.
  • Villrein og villreinjakt. 1982.
  • I lyset fra mitt bål. 1985.
  • De gav oss en arv. 1990.
  • Langs nære stier. 1992.
  • Vernetanker i vassdragsnatur. 1994.
  • Et liv i norsk natur. 2004.

Kjelder

Vidare lesing

  • Kleiven, Terje: Dei gav oss ein arv - historia om Heitkøtter-brørne, Samlaget 2009.