Ole Arnesson Dale

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Arnesson Dale (1752-1825) vaks truleg opp på Dale i Norddal prestegjeld. Faren Arne Olsson var mest sannsynleg frå Tafjord i same prestegjeld, men han vart buande på Dale. Faren var i ein periode kring 1760 klokkar i bygda.

Ole Arnesson vart i 1782 gift med Ingeleiv Eriksdtr. Rønneberg (1749-1820), og dei fekk seks born saman. Familien sat på eitt av bruka under Dale. I 1820 døydde kona, og Ole Arnesson gifta seg i 1822 oppatt med Birte Torsteinsdtr. Hauge (1770-1846). Dei fekk ikkje born.

Ole Arnesson var valmann for Nordal prestegjeld i 1814, og ifølgje valadressa var han då både kyrkjeverje og forlikskommisær. Stillinga som kyrkjeverje hadde han fram til 1822.

Kjelder