Operasjon Kitbag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Klipp frå planane for ein operasjon mot Svelgen. Påteikninga i raudt kan vel vere det momentet som fekk planleggarane til legge vekk Svelgen-delen av Operasjon Kitbag.
Hovudmål for åtaket i Florø skulle vere kjøle- og eller fryseanlegg, Shell sine oljetankar og hermetikkindustri.
HMS Offa var eitt av dei fartøya som måtte gjere vendereis under første forsøket på å gjennomføre Operation Kitbag i desember 1941.
Om biletet her vart teke i samband med den aktuelle ulukka er uvisst, men dette kan sjå ut som ei arrangert scene der soldatar arbeider med handgranatar.
Utsnitt frå rettsprotokollen etter granatulukka der to norske soldatar miste livet.
Meldinga frå flotiljesjefen om at Operasjon Kitbag er avblåst. Årsaka er her oppgitt til at ein ikkje kunne finne innseglinga til Florø.

Operasjon Kitbag var eit militært åtak retta mot Florø i Sogn og Fjordane. Første forsøket på å gjennomføre åtaket fann stad i desember 1941, men dette mislukkast. Ein redusert versjon av Operasjon Kitbag vart likevel gjennomført i januar 1942.

Omfattande planar

I 1941 begynte britiske militære å interessere seg for Norskekysten og tysk aktivitet der. I militære stabar i Storbritannia var minst to åtak mot tyske posisjonar og sivile mål her i Sogn og Fjordane under planlegging. Det eine er velkjent: raidet mot Måløy som vart gjennomført 3. juledag 1941 under kodenamnet Operation Archery. Det andre åtaket var Operation Kitbag som i utgangspunktet skulle rettast mot både Florø og Svelgen. Målet med desse aksjonane var å påføre okkupantane størst mogeleg skade: setje militære einingar ut av spel, senke skip og øydelegge tyskkontrollerte landinstallasjonar og sivile produksjonsmiddel. I Svelgen skulle t.d. soldatar frå 6th Commando sprenge jernverket, for britane meinte at råjernet frå Svelgen var viktig for den tyske krigsindustrien. I tillegg var det planen å blåse det lokale kraftverket og røyrgatene i lufta for slik å øydelegge energiproduksjonen på staden. Aksjonen mot Svelgen vart likevel lagd vekk. I løpet av planlegginga kom det tydelege motførestellingar på bordet. Desse peikte på at eit åtak mot kraftverket ville påføre det norske sivilsamfunnet langt større ulemper enn dei tyske okkupantane. Det var også uvisst kor viktig råjernet frå Svelgen var for tysk krigsindustri. Resultatet vart i alle fall at åtaket på Svelgen forsvann frå den vidare planlegginga.

Ein vanskeleg start

Operasjonen vart no avgrensa til Florø. Her rekna britane mellom anna med å finne oppankra konvoiar i området Botnaneset. Slike var typiske mål for åtak mot Norskekysten.

Å komme seg overraskande inn til Florø, og å ha relevant og korrekt informasjon om byen og dei tyske posisjonane var heilt avgjerande for å nå målet med eit slikt åtak. Men å ta høgde for alt som kan skje under ein komplisert militæroperasjon i uver midt på svarte natta høgste vinter står neppe fullt og heilt i menneskeleg makt. Åtaket mot Florø var ein såkalla kombinert operasjon: samarbeid mellom marine, hær og luftstyrkar. Fem britiske marinefartøy deltok i Operation Kitbag. Det var destroyerane HMS «Inglefield», HMS «Offa», HMS «Icarus» og troppetransportskipet HMS «Prince Charles». Om bord på Prince Charles og Inglefield var der ca 290 soldatar, frå 6th Commando, og saman med desse var der òg 24 norske soldatar som stod under leiinga av kaptein Martin Linge og løytnant Isene. Det ser tydeleg ut til at dei norske soldatane ikkje først og fremst skulle kjempe mot tyskarar i gatene i Florø, men heller vere kontaktpersonar og språkkyndige i møte med florøværingane, og ikkje minst kjentmenn i den indre farleia.

Operation Kitbag hadde problem i oppkøyringsfasen til åtaket. Veret hadde ikkje spelt på lag med operasjonen. Det hadde vore stress med førebuingar og avsluttande stridsøvingar i dagane fram mot avreisa til Florø. I tillegg hadde overfarten frå Scapa FlowOrkenøyane til Shetland vore prega av uver og sjøsjuke, men då styrken kom fram til Sullom Voe på ettermiddagen den 9. desember gjekk den likevel direkte i gang med landgangsøvingar. I 6-tida på kvelden den dagen skjedde det ting som verken kan ha styrkt kampmoralen eller skjerpa konsentrasjonen hos soldatane. Mellom anna hadde avdelingane enno ikkje hatt tid og høve til å armere handgranatane sine. Denne oppgåva skulle av tryggingsårsaker gjerast ute, men på grunn av veret og lystilhøva vart det denne kvelden dispensert frå dette kravet, og armeringa gjekk føre seg under dekk om bord på Prince Charles. Under dette arbeidet eksploderte ein av granatane. Tre soldatar vart drepne på staden, to av desse var norske: Karl Otto Bråthen og Rolf Dreng. To soldatar vart kritisk skadde og omlag 20 andre skadde og lettare skadde, alle desse var britiske.

Eit forsøk på å finne årsaker

Ein militær rett prøvde dagen etter å finne årsakene til ulukka. Der måtte Martin Linge også forklare seg. I følgje rettsprotokollen erklærte han at granatane i hans avdeling først vart armerte om morgonen den 10. desember, og at hans avdeling ikkje hadde hatt granatar i det rommet der den fatale ulukka skjedde kvelden før. Retten konkluderte med der måtte ha vore manglande kontroll med rutinane rundt armeringa, men sa òg at soldatane hadde vore under stress dei siste dagane og dei hadde hatt lite kvile. Vidare såg ikkje retten bort frå at filmfolk som monterte lys rundt arbeidsborda og filma armeringa, kunne ha distrahert soldatane i dette farlege arbeidet. Retten fann ikkje den konkrete årsaka til at armerte og uarmerte granatar hadde vorte blanda. Den uheldige soldaten, ein brite, som hadde trekt splinten ut av den armerte granaten, var svært alvorleg såra, og kunne såleis ikkje avhøyrast. I alle høve vart ikkje Operation Kitbag stansa på grunn av denne hendinga.

Overfart og vendereis

Styrken la ut frå Sullom Voe på Shetland kl. 0100 den 11. desember. Overfarten mot Vestlandskysten vart prega av vind og tung sjø. Kl. 2340 den 11.12. fekk flotiljen kontakt med ubåten P37 som var posisjonert 15 nautiske mil rett vest av Kvanhovden fyr. Dette fartøyet skulle yte hjelp med navigeringa siste stykket inn under land, og få fartøya trygt innanskjers. Landkjenning fekk fartøya kl. 0050 den 12.12. Etter planen skulle fartøya entre den indre farleia mellom Batalden og Hovden, og deretter halde søraustover ned Hellefjorden mot Florø. Der og då let det seg ikkje verifisere med navigasjonsdata at styrken hadde komme inn til kysten der det var planlagt. I boka om Måløyraidet er forfattaren Joseph H. Devins også kort innom Kitbag. Her får vi vite at nokre av dei norske deltakarane var sikre på at dei hadde komme inn til Batalden, men dei vart ikkje rådspurde. Då det dessutan vart gjort observasjonar, mellom anna djupnemålingar, som viste grunt og ureint farvatn, tok sjefen for styrken avgjerd om å gjere vendereis. Klokka var då om lag 0200 den 12. desember 1941. Så vart gjort, og 22 timar seinare kom alle fem fartøya velberga i hamn i Scapa Flow på Orkenøyane, og med dette er første akt av Operation Kitbag avslutta.

Nytt forsøk

Men folka bak Kitbag hadde ikkje heilt gitt opp Florø, der er også ei akt nummer to i dette spelet. Natt til 7. januar 1942 kom nemleg to av destroyerane frå første forsøket, Inglefield og Icarus, tilbake. Denne gongen var navigatørane sikre på kvar dei hadde komme opp under kysten. Ubåten O 14 hadde lege i posisjon 15 sjømil vest av Kvanhovden og hjelpt dei inn i den indre farleia etter planlagd rute. Vel inne der var det enkel seglas ned mot Florø, for fyrlyktene var tende. I tre timar heldt fartøya seg i indre farlei, og delvis inne ved Florø. Dei opna kanoneld mot fartøy ved kai på Florø hamn og mot bygningar på land. I følgje sluttrapporten til Chiefs of Staff frå Lord Mountbatten, signert den 8. januar skal det ha blitt senka to trålarar som låg ved hermetikkfabrikken. Vidare skal denne bedrifta ha vorte tilført skade, og utanfor Florø vart eit skip senka. Ifølgje tyske kjelder blei det berre skader på D/S ”Hedwigshütte” og forpostbåt V5104 ”Orkan” som også vart sett på land. Senking av skip utanfor Florø er ikkje nemnt i tyske kjelder. Men slik er det, fiendens tap vert gjerne overvurderte. Operation Kitbag kokte dermed ned til eit kort Florø-besøk av to britiske destroyerar natta mellom den 6. og 7. januar 1942. I rapporten etter toktet den 7. januar 1942 karakteriserer skipssjefen på Inglefield utbytet som «heller magert». Men kanskje var britane nøgde med denne korte nattvisitten i Florø. Ti dagar tidlegare hadde dei nemleg gjennomført Operation Archery i Måløy, som frå britisk synsstad må ha vore ein rimeleg vellukka operasjon.

"Bedst var det, kan hænde, det gik som det gik,-"

Dette vert sjølvsagt berre spekulasjonar, men kva om styrken frå 6th Commando hadde gått i land i Florø og gjennomført det som var planlagt? Då ville dei utan tvil ha sett merke etter seg. Der var mellom 250 og 300 velutstyrte og godt trena soldatar. Desse skulle landsetjast i to grupper, og begge hadde klåre oppgåver: Dei skulle ta kontroll over tyske forlegningar i byen, sikre tyske dokument, øydelegge kommunikasjonsutstyr, arrestere quislingar og hjelpe venlegsinna nordmenn med å rømme landet. I hamneområdet var det meininga å gjennomsøkje og senke fartøy ved kai, øydelegge lokala til det tyske hamnepolitiet, sprengje eit kjøle- og fryselager, oljetankar, hermetikkfabrikken og tønnefabrikken. I tillegg skulle ein maskingeværstilling setjast ut av spel. Om situasjonen hadde vorte kritisk for landgangsstyrkane, hadde britane eldkraft frå 4 destroyerar i ryggen, men i planane vert det understreka at bruk av tyngre våpen mot byen skulle ein vere svært atterhalden med. Men så langt kom aldri gjennomføringa av Operation Kitbag denne desembernatta i 1941. Det kan godt vere at ein britisk marineoffiser som køyrde med litt trygge marginar i uver og ureint farvatn utanfor Florø den natta, og som valde å prioritere tryggleiken for mannskap og materiell i den lumske skjergarden, var han som berga Florø frå øydeleggande krigshandlingar og tap av liv den gongen.

Litteratur og kilder