Peder Hjermann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peder Pedersson Hjermann (fødd 1. desember 1754 i Lærdal, død 25. desember 1834) var gardbrukar på Stødno (Stødnum, Stønjum) i Hauge sokn, postopnar og eidsvollsmann.

Slektsnamnet Hjermann skriv seg frå ein dansk innvandrar, Peder Nilsen Hjermann, som tok borgarskap i Bergen i 1635. Han vart også hospitalforstandar der og forvaltar av Apostelgodset som mange gardar i Sogn tilhøyrde. Han vart ein velståande jordeigar også privat, og åtte mellom anna ein del i Stødno. Ein brorson av han vart gjestgjevar og handelsmann på Lærdalsøyri, og sonen hans vart fyrste gardbrukaren med slektsnamnet Hjermann på Stødno. Han var farfar til eidsvollsmannen.

Liv og virke

Peder Hjermann var son av Peder Pedersen Hjermann (1710-1772) og Ingeleiv Lassesdotter Eri (død 1768). Peder d.e. var lensmann i bygda. Han levde på mange måtar eit stormfullt liv, heiter det i bygdeboka, og han låg iallfall lenge i konflikt med soknepresten, som sjølv var ein omstridd mann som til slutt måtte søkje seg bort frå kallet. Men Peder Pedersen d.e. vart ein halden mann. Brorlotten av buet, som altså må ha vorte Peder d.y. til del, var på 1782 riksdalar og må ha vore ein god startkapital for sonen. Peder d.y. var yngst i ein syskenflokk på sju, fødde i tidsrommet 1738-1754, men tre av syskene døydde som småborn. Den einaste broren, Knut, overtok garden. Men både han og kona døydde tidleg, høvesvis i 1774 og 1775. Dermed kunne Peder overta fyrst halve og snart heile garden etter dei.

Peder gifta seg i 1775, same år som han overtok Stødno. Kona var Berta Malene Thomasdotter Dalsøyri frå Luster. Paret budde ved folketellinga 1801 Stødno, der Peder Hjermann var bonde og postopnar. Berta Malene var kjend som veverske. Ho fekk ein pris frå «Det Nyttige Selskab» for eit karmosinraudt klede som ho hadde sendt inn. Det var spunne, vove og farga av henne sjølv, og det var ull frå ei engelsk sauerase som gardbrukarparet hadde byrja ta inn.

Peder og Berta Malene hadde ikkje born. Derfor skøytte dei i 1801 over garden til ein systerson av henne og inngjekk føderådsavtale med han. Berta Malene døydde fem år seinare. Da fekk Peder innløyst garden att til seg sjølv. I 1809, 55 år gammal, gifta Peder seg på nytt med 20 år gamle Else Sofie Sørensdotter Lem (1789-1831), dotter til gjestegjevar Søren Lem i Årdal. Dei fekk sju born fødde i tidsrommet 1810-1820, men to av dei døydde som spebarn. Eldste sonen, Peder Severin (1810-1862) var stortingsmann. Peder og Else Sofie Hjermann har stor etterslekt i Noreg og USA.

Peder Hjermann hadde ein framståande posisjon i bygdesamfunnet som velhalden gardbrukar og postopnar. I tidsrommet 1797-1813 var han forlikskommissær.

Eidsvoll 1814

Ved valet i Lærdal prestegjeld den 18. mars 1814 vart han valmann, og ved amtforsamlinga i Nordre Bergenhus amt i Vik den 30. mars vart han amtets tredje representant, saman med sorenskriver Lars Johannes Irgens og sokneprest Nicolai Nielsen. Under forhandlingane på Eidsvoll røysta han med Sjølvstendepartiet.

Kjelder og litteratur

  • Peder Hjermann i Store norske leksikon
  • Peder Pedersen Hiermand i folketelling 1801 for Lærdal prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Hovland, Kåre og Espe, Alfred: Lærdal bygdebok. IV Heim og ætt. Hauge sokn. Lærdalsøyri, Mjelde-Øye-Stødno. Lærdal kommune 2001.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Peder Hjermann i Norsk biografisk leksikon (1934).

Eksterne lenker