Peder Thams Buschmann

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Grava til sokneprest Peter Thams Buschmann.
Foto: Olve Utne.

Peder Thams Buschmann (fødd 6. desember 1762Nesna, død 6. april 1845Aure) var sokneprest i Ulstein prestegjeld i perioden 1798-1822 og i Aure prestegjeld i perioden 1822–1845. Han var fødd i Nesna, der faren Augustinus Buschmann var sokneprest. Mor hans var Anna Barbara Thams.

Peder Thams Buschmann fekk teologisk eksamen i 1787, og same året vart han personleg kapellan hos faren, som då var sokneprest i Frosta prestegjeld. I 1798 vart han utnemnt som sokneprest i Ulstein prestegjeld på Sunnmøre, og i perioden 1818-1823 var han også prost på Sunnmøre. I 1822 vart han utnemnd som sokneprest i AureNordmøre. Her døydde han i 1845.

Peder Thams Buschmann vart i 1798 gift med Elen Johanne Buschmann (1777-1806). Paret fekk tre born. Etter at kona hans døydde i 1806, vart han året etter gift med Christine Schreuder (1780-1810), dotter til sokneprest i Vanylven prestegjeld, Peder Schreuder. I dette ekteskapet fekk Thams Buschmann to barn. Han gifta seg for tredje gongen i 1811 med Barbro Henrika Wind.

Buschmann vart rekna for å vere ein stor patriot, og i etterkant av flåteranet i København i 1807 vart han utpeika som sjef for kystverndistriktet på Søre Sunnmøre. Han har også vore karakterisert som rasjonalist og framstegsvennleg. Våren 1814 var han valmann for Ulstein prestegjeld. I 1818 vart Peder Thams Buschmann innvald som representant på Stortinget frå Romsdals amt.

Kjelder