Per R. Einbu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Per R. Einbu (fødd 1918 i Lesja, død 2013 i Søndre Land) var son av Berta og Ragnvald Einbu. Han lærte ymse handverksfag på Gudbrandsdal folkehøgskule i 1936-37 og underviste på Hjerleid i perioden 1946-56. Samstundes dreiv han måling og treskjering, m.a. dekorerte han Dovregubbens HallDovrefjell. I 1960 flytta han til Søndre Land der han var arbeidsformann ved Hov Møbelindustri til han gjekk av med pensjon.

Per illustrerte Bygdebok for Lesja med teikningar av alle gardane i bygda. Alle teikningane i boka Setrane i Lesja i teikning og tekst (1988) er teikna av han gjennom ein 50-årsperiode. Han teikna m.a. mange av setrane på Dalsida før Aurautbygginga. Han har òg illustrert mange andre bøker, brosjyrar, postkort o.l.

På Lesja var Per aktivt med i etableringa av Lesja bygdatun, og i Land var han støttespelar for Lands museum der han m.a. har dekorert Tingbygningen og fleire andre stader.

Kjelder