Plassen (Bykle gnr 2/492)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Plassen
Stad: Hovden
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 2
Bnr: 1987
Type: Bustadseigedom

Plassen er ein bustadseigedom på Hovden i Bykle kommune. Denne tomta ved Hovdeplassen gjekk ut frå bnr 215 Unheim i 1987, då ho vart frådela for Marit Hovden, som sette seg opp hus her same året. Marit er dotter åt Hallvard Halvorsson Hovden og kona Gunda, fødd Haaland (sjå Solheim, bnr 120).

Marit Hallvardsdotter Hovden, f 1964

Born m Erling Almar Haugen, Bykle
  • Maria Jeanette, f 1982, kokk, busett Trondheim
Born m Trond Krogdal, Otta
  • Kristian Vincent, f 1985
Born m tidlegare ektemake Knut Rune Tveiten, Edland
  • Ole Simon, f 1991
  • Karoline Margrethe, f 1993

Marit budde i Edland i fleire år. Ho arbeidde då på kafeen på Botn. Etter at ho flutte heimatt har ho vore innom i ymist arbeid, mest i turistnæringa. Utover dette er ho ein talentfull teiknar og målar, og har hatt dekorasjonsoppdrag fleire stader, m.a. i Fjellgardstun på Hovden.


0941 Bykle komm.png Plassen (Bykle gnr 2/492) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Unheim • Neste bolk: Lye