Raudt

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Rødt»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Raudt sin valkampstand i Oslo i 2009.
Foto: Olve Utne

Raudt (bokmål Rødt) er eit politisk parti som vart skipa den 11. mars 2007, de eit stort fleirtal av medlemmane i Arbeidernes kommunistparti (AKP) og Raud Valallianse (RV) slo seg saman. Partiet definerar seg sjølv som eit revolusjonært, sosialistisk og marxistisk parti. I prinsippprogrammet vert det understreka at dei med revolusjonært meiner ein demokratisk revolusjon, ikkje ein væpna revolusjon som AKP i sin tid sto for. Hovudsaken for partiet er ei solidarisk og rettvis verd, basert på ein moderne sosialisme tilpassa tilpassa norske tilhøve. Andre viktige sakar er miljøet, kvinnekamp, antirasisme og fredsarbeid.

Raud Ungdom, som tidlegare var knytt til både AKP og RV, er Raudt sitt ungdomsparti. Partiet gjev ut gratisavisa Rødt nytt og tidsskriftet Gnist (tidlegare Rødt!)

Ved stortingsvalet 2017 vart partileiar Bjørnar Moxnes vald inn på Oslolista som partiet sin første stortingsrepresentant. Ser vi attende til tida før 2007, fekk RV ved stortingsvalet 1993 inn ein representant, Erling Folkvord frå Oslo.

Skipinga av Raudt

RV vart oppretta i 1973 som ei samling kandidatar frå AKP (m-l) og mindre, revolusjonære grupperingar som ikkje kjende seg heime i Sosialistisk Valforbund. Etter kvart utvikla det seg ein sjølvstendig partiorganisasjon i RV, og i 1991 vart det ein medlemsorganisasjon. Det var heile tida tette band mellom RV og AKP, men på ein del punkt gjekk dei gradvis frå kvarandre. Initiativet til å slå saman AKP og RV kom frå RV sitt landsmøte i 2005. Begge parti var små, og dei politiske forskjellane var heller ikkje store. Ballen låg så hos AKP.

Våren 2006 hadde Raud Ungdom (RU) landsmøte, og det kom eit forslag om å bryte med AKP. Det mangla ei røyst på å få 2/3 fleirtal, og i staden for å bryte kom eit vedtak om at AKP ikkje lenger var noko levedyktig partiprosjekt. RU var ungdomsparti for både AKP og RV, og etter landsmøtet verka mange av medlemmane aktivt for å få de to partia til å slå seg saman. AKP sa på sitt landsmøte i 2006 at dei ønskte RV sitt initiativ velkommen, og prosessen med å slå partia saman kunne ta til. Den 11. mars 2017 skjedde det, og eit stort fleirtal av medlemmane vart med over i Raudt. Nokre få gjekk ut, fleire av dei til grupper som Tjen Folket og Kommunistisk Plattform.

I 2008 slutta Internasjonale Sosialister seg til Raudt.

Torstein Dahle, som var leiar av RV, vart Raudt sin første leiar. Leiar i AKP Ingrid Baltzersen vart vald til nestleiar. Frå 2010 til 2012 var Turid Thomassen leiar, og i 2012 tok Bjørnar Moxnes over.

Valresultat

Raudt vart skipa for seint til å stille til val under eige namn, men kunne stille som Raud Valallianse. Oppslutninga ved kommunestyre- og fylkestingsvalet 2007 var på 2 %, noko som var 0,5 % betre enn RV sitt resultat i 2003. Partiet kom inn i fleire kommunestyre og fylkesting. I Risør kommune fekk Knut Henning Thygesen frå Raudt ordførarposten.

Ved stortingsvalet 2009 stilte Raudt i alle fylke, og fekk 1,3 % av røystene. Dette var 0,1 % betre enn RV i 2005. Best gjorde partiet det i Oslo med 4,0 % og i Hordaland med 2,5 %. Partiet fekk ingen mandat.

I kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011 stilte Raudt i 81 av 429 kommunar. Partiet dekk 37 363 røyster, det vil seie 1,5 %, i kommunevalet. Dei stilte òg lister i atten fylke, og fekk 1,7 % av røystene. Partiet fekk representasjon i fylketinga i Nordland (2), Troms (1), Sør-Trøndelag (1) og Hordaland (1). Representanten i Hordaland gjekk over til Miljøpartiet Dei Grøne i desember 2013.

Raudt stilte i alle fylke i stortingsvalet 2013, og fekk 1,1 % av røystene. Dermed vart det heller ikkje denne gongen noko mandat. I Oslo var dei nær: Med 11 133 røyster (3,2 %) mangla dei 2083 røyster på å få eit mandat.

I kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015 stilte Raudt eigne lister i 78 kommunar. Dei fekk 47 102 røyster i kommunevalet, 2,0 % av røystene. I fylkestingsvalet fekk dei 2,2 %. I Kragerø kommune fekk Raudt 16,4 % og i Tromsø 14,4 %.

I stortingsvalet 2017 kom Bjørnar Moxnes på Oslo-lista inn på Stortinget. Raudt fekk 2,4 % oppslutning på landsbasis, ei auke på 1,3 %, men langt under sperregrensa.

Stortingsvalet 2021 vart eit gjennombrot for Raudt. Partiet fekk 135 574 røyster, 4,7 % på landsbasis. Dermed var sperregrensa sprengd, og partiet auka frå eitt til åtte mandat på Stortinget.

Litteratur