Rønnaug Frisvoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Stamstadgardane (Sygard og Nordgard) i Lom ca. 1880-1890. Tunet på Nordgard lengst borte. Der var mannen til Rønnaug fødd og oppvaksen, og ekteparet budde der iallfall periodevis. Kor lenge dei levde, og kvar dei døydde, er ikkje bringa på det reine.
Foto: Axel Lindahl/Galleri NOR, Nasjonalbibliotekets biletsamling.

Rønnaug Jonsdotter Frisvoll (Andvord) (fødd i Lom 1812, død 16. mars 1900Østre Toten) var jordmor. Ho var fødd og oppvaksen på Systugu Frisvoll i Garmo sokn, der foreldra var gardbrukarar. Foreldra var Jon Pålsson Frisvoll (1781-1853) og Rønnaug Ivarsdotter frå Sygard Aukrust (1790-1869). Rønnaug var nummer to i ein syskenflokk på fem.

Rønnaug vart tilsett som jordmor i Lom i 1849. Til da hadde det vore berre ei «eksaminert» jordmor i heile det store Lom prestegjeld og herad (nåverande Lom og Skjåk kommunar). Det var Magnhild Sperstad, som budde i Skjåk. Rønnaug skulle ha 20 spesidalar årleg i jordmorstillinga.

Rønnaug Frisvoll gifta seg i godt vaksen alder i 1859. Brudgommen var 18 år yngre. Det var Tosten Pålsson Andvord (fødd 1830), son av lensmann i Lom Pål Tostensson Andvord (1795-1863) og kona Torø Sevaldsdotter frå garden Kjæstad, som også ligg i Lom (1806-1896). Pål og Torø Andvord åtte og dreiv garden Nordgard Stamstad, der Tosten hadde vakse opp. Han var odelsgut, og hadde overteke farsgarden i 1850, men dreiv han berre eit års tid da han selde den att. I åra 1859-1863 var Nordgard Stamstad ått og driven av yngste bror til Tosten, Richard Andvord, som rett etter dette vart handelsborgar i Christiania og grunnla det kjende papirfirmaet med hans namn.

Familien på Stamstad brukte Andvord som familienamn, etternamnet var altså ikkje adresse til garden dei dreiv, som det vanlege var innan bondestanden. Familien tilhøyrde definitivt til eliten i dette bygdesamfunnet. Også bestefar til Tosten hadde vore lensmann. Og gardsnamna Frisvoll, Stamstad, Kjæstad, Sukrust og Andvord figurerer blant dei store gardane i Lom, med ættemedvitne eigarfamiliar som i utstrekt grad gifta seg inn i kvarandre. Rønnaug skreiv seg sikkert også for Andvord etter at ho gifta seg.

I folketeljinga 1865 er Rønnaug og Tosten oppførde som føderådsfolk på Nordgard Stamstad. Enda nokre år seinare, i 1869, kjøpte så Tosten den same garden på nytt, men også denne gongen selde han att etter eit knapt års tid. Ut over dette framgår det ikkje av gjennomgådde kjelder kva Rønnaug og Tosten livnærde seg av anna enn Rønnaug si årlege godtgjersle som jordmor.

Seinare flytta dei til Østre Toten, og ho dukker opp som jordmor både der, i Vardal og på Gjøvik. Då ho døydde i 1900 budde dei på Søndre Båshus på Østre Toten. Ho vart gravlagd på Hof kyrkjegard.

Kjelder og litteratur