Ragnvald Cornelius Knudsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ragnvald Cornelius Knudsen (fødd 26. august 1867 i Arendal, død 22. juni 1912 i Gjerstad) var son av skulestyrar Peder Andreas Knudsen og Theodora f. Gundersen. Han vart student i 1888 og tok teologisk embetseksamen i 1896. Han gifte seg i Kristiania 26. oktober 1900 med Maren Karoline (kjend som Lina) Hansen (1877-1930) som var prestedotter frå Jostedalen.

Frå 1898 var Knudsen i Gran, fyrst som personleg kapellan og frå mai same året som konstituert sokneprest. Frå 1900 vikarierte han som sokneprest i fleire ledige prestekall i Nordland og deretter i Lom fram til juli 1903. Då soknepresten i Jostedalen, Theodor Julius Børresen, overtok prestekallet i Lom, drog Knudsen motsett veg og vart sokneprest i Jostedalen. Kona hans, Lina, var dotter av Anton Hansen, som var sokneprest i Jostedalen 1877-1884. Ho hadde såleis budd dei fyrste sju åra av livet i Jostedal prestegard som ho no flytte attende til.[1]

Ein målmann i Jostedalen oppsummerte i 1905 at målsaka ”hev havt god studnad av presten”, som då var Knudsen. I prestetida hans fekk arbeidet for å få inn nynorsk i Jostedalen ein avgjerande framskuv, utan at det er klart kva rolla hans var. Det kan òg ha samanheng med at han kom til bygda at målfolka den 19. juli 1903 utan hell prøvde å få innført Blix-salmane til kyrkjebruk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen). Knudsen fekk i tida si i Jostedalen det arbeidskrevjande oppdraget med å leia flyttinga av prestegarden frå det gamle tunet framfor kyrkja til det nye på Magasinhaugen der det ligg i dag.

Han flytte frå Jostedalen 29. september 1906 for å ta seg av det ledige Skodje prestekall på Sunnmøre. Den 28. september 1907 vart han utnemnd til sokneprest i Vik prestegjeldHelgeland, og 7. mai 1910 til sokneprest i Gjerstad der han døydde to år etter, berre 45 år gamal, tre månader før det femte barnet til han og Lina vart fødd.

Notar

  1. Lina var fødd i Sogndal 14. april 1877, men døypt i Jostedal kyrkje 17. juni. Ministerialbok for Jostedalen 1877-1886, oppsl. 9 (Digitalarkivet)

Kjelder og litteratur

  • Kalds-Bog for Justedals Præstegjæld begyndt 1830, Kyrkjekontoret i Luster, s. 36a. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 341-42. Digital versjonNettbiblioteket
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag, s. 225-26.

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Theodor Julius Børresen 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Amund Frøese