Rasmus Hansson Hellegård

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rasmus Hansson Hellegård (døypt 4. mars 1787, død 7. desember 1870) var frå garden Hellegård i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var eldste son av Hans Andersson Hellegård (1751-1830) frå Luster og Siri Pedersdotter (ca 1767-1830) frå Hellegård.

Rasmus gifte seg 2. november 1818 med Johanna Larsdotter (1787-1878) frå Garen under Nedrelid.

Rasmus fekk skøyte på heimebruket alt 2. juni 1808 mot å yte kår til foreldra, men han skal ikkje ha teke over styringa av garden før i 1819, og det gjekk endå lengre tid før han flytte hit. Åra 1821-24 pakta han Jostedal prestegard i lag med Lars Larsson Espe,[1] og 1824-35 pakta han eit bruk på Røneid i Luster. I 1835 flytte han så til Hellegård, og det er uvisst kven som budde på garden dei fem åra etter at foreldra fall ifrå.

Rasmus var ein av dei tolv fyrste jostedølene som avla eid og fekk statsborgarleg røysterett. Dette hende på hausttinget 10. september 1814.[2] Den 18. september vart han så vald frå Jostedalen til distriktsforsamlinga i Vik 23. september der Nordre Bergenhus amt skulle velje stortingsrepresentantar til det ekstraordinære Stortinget i Kristiania 7. oktober-26. november.[3]

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835. Han var sentral i bygdestyringa og sat i formannskapet frå skipinga av Jostedal kommune i 1838 og i ei årrekkje framover.[4]

Det er mogleg Rasmus var kyrkjeeigaren i Jostedalen mellom 1833 og 1849. Sonen Hans Rasmusson Hellegård og svigersonen Lars Erikson Espe vart eigarar av kyrkja i Jostedalen ein gong før 1849. Det er ikkje urimeleg om dei overtok kyrkja etter Rasmus på den tida Hans tok over Hellegård, og det var eit par år etter 1833 at Rasmus flytte frå Røneid til Jostedalen.

Rasmus og Johanna fekk fem born, og fire av dei voks opp:

  • Hans Rasmusson (1818-1911), gardbrukar på Bollingberg i Luster
  • Mari Rasmusdotter (1821-1843), fyrste kona til gardbrukar Lars Erikson på Espe
  • Lars Rasmusson (1824-1904), er den fyrste registrerte utvandraren til Amerika i kyrkjebøkene for Jostedalen
  • Peder Rasmusson (1828-1888), gardbrukar på Svangstu i Luster

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 196f
  2. Manntal 1814-1897 (Jostedal historielag)
  3. Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)
  4. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875) (Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 786. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.