Reindøl (Lesja)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skuleborn frå Bøgrende på skitur til Reindøl fyrst i 1930-åra
Foto: Ola Skotte

Reindøl er ei setergrend som ligg i skoggrensa på nordsida av Dalsida i Lesja, tvert over for Myrin der setervegen kjem opp frå bygda. Den gamle setervegen gjekk over Myrin, ned lia, over elva og opp om lag der køyrevegen går nå. Bilvegen vart bygd sist i 1940-åra. Det er eigentleg to setergrender her, dei eldste setrane øvst, og så nokre nyare lenger nede mot dalbotnen (på Nere Reindøl).

Namnet Reindøl er todelt. Det er ikkje granska vitskapeleg, men fyrsteleddet tyder vel helst dyreslaget rein, slik det er tolka mange andre stader i landet. Dei mange utgamle fangstanlegga innover på Dovrefjell peiker i same lei. Sisteleddet døl, med tjukk l, tyder truleg «liten dal». Reindøl kan da vera eit eldre namn på Reinådalen.

Det er svært gamle setrar på Reindøl. I 1668 var det sju setereigarar her. Før det veit vi at Augard må ha setra her nokre år, truleg kring 1650. Dei var da i lag med Kristen Hovauk. I 1800 var det åtte setrar her: Selsjord (to), Hovauk, Holåk, ein av Håkåstad-gardane og Hådi (tre). I nyare tid setra desse gardane her: Nistugu og Uti Håkåstad, Nordistugu og Systugu Selsjord, Hogsvål, Nyhågån, Nordistugu, Midti og Systugu Hådi og Hovauk. På Nere Reindøl setra Pålsenget, Farmheim og Øvre Bøloghaugen.

Rett utafor, på andre sida av vegen for setrane til Nistugu Håkåstad og Nordistugu Reindøl, låg Folldalshågåsetre. Tuftene etter ho synte såvidt i 1987. Folldalshågån var ein liten plass under Holåk som hadde seter her. I 1878 er Folldalshågån nemnt som «bruksberettiget» på Reindøl. Det var før Holåk bytte seter med Hogsvål og flytta til Kvitdalen i Folldalen. Akkurat når det skjedde er usikkert, men det kan ha vore i 1860-åra.

Det er ein tradisjon om at setrane for svært lenge sidan låg meir samla, noko nedafor Hovauksetre. Der ligg Ålmannkvee, som etter namnet må ha vore sameige. Tidleg, kanskje på 1600-talet, har kvea så blitt skifta, og husa flytt dit dei står nå, i følgje tradisjonen. Selsjord, Nørdre Håkåstad og Holåk (Hogsvål) har delar av Ålmannskvee. Det var visst slik at kvar fekk hamne 4 dagar kvart år eller ein uke annakvart år på denne kvea. Nedst på kvea til Nordistugu Hådi er det og svært gamle murar, etter hafeller og hus. Dei er kanskje etter nokre av setrane før dei flytta ut.

Setrane på Nere Reindøl vart rydda kring 1930. Bøloghaugen og Farmheim er nemnt i seterlistene frå 1931. Elles finn vi dei same setrane i 1931 som i dag. Folldalshågåsetre var nok heilt borte alt i 1931.

Samstundes med at bilvegen vart bygd vart det mjølkelevering til ysteriet.

Litteratur

Koordinater: 62.14477° N 9.01050° Ø