Rokkeproduksjon i Hol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne rokken er truleg produsert av Tragetonane. Fotograf: Ukjend, 1915-20. Eigar: Hol Bygdearkiv.
Rokk produsert hos Asle Foss.
Foto: Marianne Wiig, 2013.

Mellom dei fyrste som ser ut til å ha hatt rokkemaking som hovudvirke i Hol, var Svein Nilson (1776-1836) frå søre Trageton i Kvisla. Han vart kalla "svarvaren", og garden han busette seg på (Nystølen, 44/2) fekk namnet Svarvarøyne. Andre holingar som truleg verka som rokkemakarar utover på 1800-talet, var Hermann Knutson Sveingard (f. 1825) og Tomas Torsteinson Røo (f. 1827). Reinton nemner også Herleik og sonen Ola frå søre Årset, Kvisla, i bygdesoga . Det er truleg snakk om Herleik (f. 1844) som dreiv stampe i Fossåne mellom nordre og myljo Foss. Sonen var fødd i 1873 og døydde i 1956. I folketellinga for 1875 var Ola Knutson Vesleslåttun (f. 1836), Asle Kitilson Rygg (f. 1853) og Lars Tolleivson (f. 1851) oppførte som rokkedreiarar, den siste i teneste hjå andre. Dessutan brørne Ola og Asle Arneson Trageton (som også var brør til fotografen Torbjørn Trageton).

Trageton-rokken

Det var Ola Trageton (1845-1915) som starta med meir industriell framstilling av rokkar i Hol. Han reiste i 1868 eller -69 til Hardanger for å lære faget av ein som vart kalla Hausasand’en. Etter tre veker her kalla Ola seg "korkje utlært eller ulærd", men han hadde lært nok til å få lagd seg ein enkel dreiebenk med fottrø, so han kunne byrje i det små på heimgarden. Seinare bygde han dreiarhus ved Ryggjagrove, vest for Trageton, slik at dreiebenkane kunne drivast med vasskraft. Med meir effektiv drift vart det mogeleg å ta inn lærlingar, mellom andre broren Asle (1852-1934).

Ola gifta seg i 1879 med Jørand Pålsdotter Køsen (1858-1946) frå Skurdalen og kjøpte då garden Fosshaugen i Lio. Dit flytta han også rokkeverkstaden. Ved Breifossen i Usteåne hadde han både kvern, stampe og tre dreiebenkar. Asle busette seg i 1881 på nordre Foss og vart då nabo med Ola. Dei to dreiv verkstaden saman til Ola døydde i 1915, og etter den tid heldt Asle fram med drifta. Kvernhuset og verkstaden gjekk med i Bardølaflaumen i 1917, men vart bygd opp igjen. Asle dreiv saman med Ola sin son Pål Fosshaugen (f.1889), og seinare tok Torleiv Arneson Foss (f. 1914), sonesonen til Asle, over og dreiv vidare nokre år. Spinnrokkane til Tragetonane vart selde over heile Hallingdal og også i Valdres, Numedal og Telemark.

Brusletto-rokken

Rognald Olson Brusletto (1861-1935) ville helst gått på teknisk skule, men det fekk han ikkje. I staden reiste også han til Hardanger og gjekk i lære hjå Hausasand’en. Han byrja i 1880 med rokkesvarving på heimgarden, men kjøpte året etter dreiarhuset som Ola Trageton hadde bygd i Kvisla. Verkstaden gjekk godt i nokre år, men Rognald fekk merke at folk hadde begynt å sende ulla til spinneri framfor å spinne heime. Han vart sitjande inne med eit stort lager av rokkar og tapte pengar på det.

Etter dette heldt han fram med rokkesvarving som attåtæring til jordbruket i fleire år, fyrst ved Vesleåne nær Aslakhaugen, som han kjøpte i 1888, sidan på Brusletto som han overtok to år seinare. Han grøfta og leidde fleire bekkar hit for å få vasskraft til dreiebenken.

I 1896 bygde han ljåsmie med vasshamar i Bardøla, og dette vart kimen til fabrikken Brusletto & Co, som i dag (2013) produserer sports- og turknivar.

Kjelder og litteratur