Sågnes krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kartutsnitt som viser Sågnes krins
Foto: fylkesatlas.no - Sogn og Fjordane fylkeskommune/Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Sågnes krins i Hyllestad kommune var eigen skulekrins frå 1861 og fram til den vart lagt ned i 1956.

Skulehus

Sågnes skule

  • Byggeår: 1927 (opphavleg 1892, som Birkeland skule)
  • Fungerte som skule: 1892/1927 - 1956
  • Anna bruksområde: Opphavleg Birkeland skule, og seinare kårbustad og feriehus.

Skuledagen

Det vart halde skule i private stover i Sågnes krins fram til det gamle skulehuset frå Åfjorddalen, Birkeland skule vart flytta til Sætevika i 1927.

I 1943, under andre verdskrig, kom tyskarane og tok over skulehuset. Pultane vart flytta opp i huset til lærarinna og det var halde skule hjå henne fram til tyskarane ikkje lenger trengte skulehuset hausten 1943.

Skulevegen

Ungane kom frå Nesje, Sågnes og Sætevika. Det var stygg veg frå Nesja, dei måtte over elva og var ofte våte.

Før skulehuset kom i 1927 var det omgangsskule og då var også Rysjedal og Båtevika med. Om vinteren låg ungane vekke. Ivar Sognnes fekk ein gong fortalt at ungane måtte gå over heia for å kome på skulen: "treskoa stod att i dikja", sa dei.

Ivar Sognnes hugsar at tyskarane som var stasjonert i fjorden ved Sågnes ein dag starta å skyte med skarpt. Dette hugsa fleire av elevane godt.

Lærarinna Orlaug Sognnes underviste to veker i Sågnes og to veker i Kolgrov, men då Kolgrov vart lagt ned i 1937 vart ho flytta til Skor krins. Etter kvart vart det så mange ungar på skulen i Skor at dei trengte ein lærar på fulltid, og ho flytta dit.

Lærarar

  • Kåre Risnes
  • Orlaug Sognnes

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Skule- og kommunestyreprotokollar frå Hyllestad
  • Branntakst 1892 (Statsarkivet i Bergen)

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder

Koordinater: 61.12585724° N 5.23014477° Ø