Sågnes skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sågnes skule i Hyllestad kommune vart plassert i Sætevika i 1927, men før dette var det bygningen skulehus på Birkeland.

Skulehuset

Då den nye Åfjorddalen krins med nytt skulehus kom på plass i 1925, vart det fatta eit vedtak om at kommunen skulle betale ut Birkeland skule og flytte det til ein krins som ikkje hadde skulehus. Huset var demontert og frakta under oppsyn, og vart lagra i Leirvik. I 1927 vart det fatta nytt vedtak om at Sågnes krins skulle få skulehuset. Det vart sett opp i Sætevika og stod klart til skulestart same året.

Andre bruksområde

Etter at Sognnes krins vart lagt ned i 1956, har bygningen fungert som kårbustad og fritidshus.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Skule- og kommunestyreprotokollar frå Hyllestad
  • Branntakst 1892 (Statsarkivet i Bergen)

Digitale kjelder

Eide, Kjell (2003) Soga bak skulehuset i Sætevika, Sogeskrift for Hyllestad 2003, s17-20.


Koordinater: 61.12585724° N 5.23014477° Ø