Søren Lauritssen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signatur i futerekneskapen 1633-34

Søren Lauritssen (Søffren Lauritzsøn, Larssøn, Larsson) (fødd ca 1575, død 3. april 1653 i Luster) var fut i indre Sogn og gardbrukar. Han og broren Anders Lauritssen vert rekna som stamfedrane til Heiberg-slekta.

Opphavet hans er ukjend, og det har vore påstått at brørne var frå Jylland og kom til Noreg som forvaltarar for godset til danske adelsmenn. Hans Heiberg meiner dette ikkje kan stemme og at slekta hadde vore lenge i Sogn før Anders og Søren.

Truleg kring 1608 og seinast i 1613 var Søren Lauritssen komen til Talla (Talle, Tadla) i Luster, der broren Anders Lauritssen åtte ein part. Søren makeskifte seg til denne luten frå bror sin i 1619 og vart fyrste sjølveigaren på Talla då han i 1627 fekk kjøpt resten av garden frå Sten Engelbrechtsen på Kvale i Sogndal.

Søren vart jordeigar i Luster før 1618 og skatta dette året frå odelsgods på 1 1/2 laupar smør og 8 mælar korn. I 1624 vert han nemnd som forvaltar eller fullmektig for det store jordegodset i Bergenhus som den danske adelsmannen Byrge Juell til Lungegård hadde arva. Søren åtte i 1645 òg to hus i Bergen og i 1647 garden Melheim på Hafslo.

Søren Lauritssen var fut over Luster, Lærdal og Årdal skipreider i 1633-34. Broren Anders hadde vore fut for Luster fram til 1626 då sonen hans (brorsonen til Søren), Christen Anderssen, hadde overteke. For året 1633-34 signerte Christen Anderssen futerekneskapen for heile Sogn der det var vakanse etter at Christens svoger Peder Paasche hadde slutta, og dette året var Søren Lauritssen altså fut for Luster, men med tillegg av Lærdal og Årdal. Dette var fyrste steget i utskiljinga av heile indre Sogn som eige futedøme frå 1635. Søren Lauritssen var fut i indre Sogn berre i eitt år. Frå 1634 var han fut i Sunnfjord til i 1640-åra. Det er uvisst kvifor Oluf Nilssen og ikkje Søren fekk futeembetet i indre Sogn frå 1634. Han var gardbrukar på Talla så lenge han levde.

Søren gifte seg kring 1605 med Anna Madsdotter. Ho var fødd kring 1585, og opphavet hennar er ukjend. Etter at Søren døydde i 1653, heldt ho fram med å bu på Talle. Ho døydde kring 1670.

Søren og Anna fekk desse borna:

  • Mette Sørensdotter (1607-1661), gift med (1) Jan Johnson Teiste på Kroken i Hafslo, (2) Bernt Berntsen Nagel, borgar i Bergen, seinare busett i Ytre Kroken (Hafslo) og forvaltar av Kaupanger-godset (1658-61)
  • Laurits Sørensen (1612-før 1669), borgar i Bergen, ei tid forvaltar av Kruckow-godset i Luster (1649-52), seinare busett i Natvik i Årdal. Gift (1) med Clara Berentsdotter Nagel, (2) Aaste Thuesdotter
  • Kirsti (Christine) Sørensdotter (ca 1615-1681), gift med Peder Olufsen Hanning, sokneprest i Sogndal frå 1637
  • Mats Sørensen (1618-før 1685), borgar i Bergen, frå 1649 landhandlar på Dalsøyri i Luster
  • Dotter (f. ca 1622, død før 1653), gift med Hans MIchelsen Drabitzius, lensmann i Kyrkjebø i Sogn
  • Anders Sørensen (1630-1688), overtok Talle etter faren, frå 1666 sorenskrivar i Indre Sogn. Gift med Maren Giertsdotter Morgenstierne, ei syster av futen Christopher Morgenstierne. Det var dei ni borna frå dette ekteskapet som tok namnet Heiberg.

Kjelder og litteratur