Sarvskroken (Bykle gnr 15/30)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarvskroken
Gjerden 44.jpg
Huset til Tone B. Trydal.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1979
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 30
Type: Bustadeigedom
Adresse: Sarvsvegen 22

Sarvskroken i Nedre Sarv i Bykle gjekk ut frå bnr 11 i 1978, då Torjus Trydal og kona, Tone, kaupte henne hjå kommunen. Året etter hadde dei hus ferdig og flutte inn.

Torjus var sosialsjef i Bykle kommune. Han kom frå Moen i Trydal, og var son åt Jon Torsson Trydal og kona, Torbjørg Torjusdotter, f Stavenes.

Tone og Torjus Trydal då dei gifte seg i 1970. Bilete frå Tore K. Mosdøl.
  • Torjus J. Trydal, f 1949, d 1986
g 1970 m Tone Bjugsdtr. Sollid, f 1949. Born:
  • Jan, f 1971
  • Bent, f 1976

Tone er frå Sollid, gnr 13, bnr 38, og dotter åt Bjug Knutsson Sollid og kona, Gyro Bjørgulvsdotter, fødd Homme. Då faren døydde i 1998, overtok Tone Sollid-eigedomen etter han. Ho bur framleis i huset her saman med Bent, den yngste av sønene. Ho arbeider som reinhaldar og kjøkkenassistent på bygdeheimen, medan Bent er elektrikar. Jan, den eldste av sønene, er tannlækjar, og busett i Kristiansand.


0941 Bykle komm.png Sarvskroken (Bykle gnr 15/30) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Soltun • Neste bolk: Asparås

Koordinater: 59.35787437° N 7.36055187° Ø