Skåpårtjønne

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Sørenden av Skåpårtjønne i juni 2010.

Skåpårtjønne er namnet på ei lita tjørn som ligg ved den såkalla «gamle kongevegen», mellom Mosenden og Lesjaverk i Lesja. Ifølgje Gerhard Schøning bør tjørna «regnes blant de fornemste Naturens Mærkværdigheder, som Lesje Bygd kan opviise».

Skåpårtjønne er omtalt i to skildringar frå 1700-talet, av jernverkseigaren Hans Holmboe (1755) og altså rektor ved Trondheim katedralskole Gerhard Schøning (1775). Den sistnemnte er mest detaljert. Grunnen til at dei to festa seg særskilt ved tjørna, er ein spesiell eigenskap ved ho som bygdefolket var oppteke av: når verlaget i området er kaldt og fuktig, forsvinn vatnet nesten heilt. Bekkene i området kan ha rikeleg vatn, men tjørna har berre ein liten dam på djupaste delen.

Når så veret så slår om til tørt og varmt, som det gjerne gjer ein periode eller to kvar sommar, renn tjørna full av vatn – og det utan at det finst noko synleg innlaup. Når ho er full, renn vatnet ut gjennom ei grov i austre enden.

Tjørna er ikkje stor. Gerhard Schøning – som fortel at han på tilbaketuren frå verket undersøkte tjørna nøye – opplyser at ho var 60 alnar (knapt 40 meter) lang, 20 alnar (12–13 meter) brei og 4-5 alnar (knapt 3 meter) djup på det djupaste. Dette er påfallande, for tjørna er nok nærare 140 meter lang ifølgje moderne kart i alle fall når ho er full. Holmboe opplyser elles at ho var om lag eit drygt børseskot, altså 60–70 meter.

Nordenden av Skåpårtjønne i juni 2010.
Foto: Arnfinn Kjelland

Den særskilte eigenskapen at tjørna er nesten tom når det er vått og kaldt og full når det er varmt er av både Holmboe og Schøning brukt til å forklare namnet: det skal kome av at Vårherre («Skaparen») syner korleis året blir gjennom å regulere vasstanden.

Schøning har elles den rimelegaste forklaringa på fenomenet. Han skriv at når tjørna er tilnærma tom kan ein sjå eit firkanta hol i botnen av ho, og at det «uden al Tvil» må vera ei vassåre som gir tilsiget til tjørna. Forklaringa meiner han da er at vatnet i vassåra kjem frå ein snøbre høgare opp i fjellet. Når det er vått og kaldt smeltar breen lite eller ikkje noko (og vatnet i tjørna sig ned i den sandgrunnen som området er dominert av). Men når det slår om til varmt ver er avsmeltinga så stor av tjørna fyllast opp att.

Edvard Grimstad (1959) refererer elles ei segn knytt til Skåpårtjønne: «Millom vegen og Skåpårtjønn står ei stor furu. Under rot’n på henne skal det vera ne’grave ein stor koparkjel full med sylvskilling. Ein skal kunne finne kjelen når ein grev der ei jonsoknatt, men da må ein korkje tala eit ord eller skratte høgt». Ifølgje Grimstad skal det òg ha skjedd ein gong, men da gløymde karane som grov dette vilkåret og sylvet vart til grus …

Kjelder

Koordinater: 62.18371676° N 8.57585552° Ø