Skjåk: Geografi, ressursgrunnlag og næringsliv

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over ein del av Skjåk hovudsokn. Grendene Skjåkstronda (med Skjåk kyrkje) og Bersustronda på hitsida (sørsida) av Ottaelva, Aura (tverrelv frå Aursjoen) og grendene Reppen og Ramstadstronda på andre sida.
Foto: Hans P. Hosar (2011)

Geografien og ressursgrunnlaget i Skjåk har gjort at næringslivet heilt opp mot våre dagar i all hovudsak har vore jord- og skogbruksbasert. Dei store utmarksområda og høgfjellsstrekningane innan kommunen har vore utnytta som ein integrert del av gardsdrifta, og i nyare tid også til reiseliv, ferie- og fritidssyslar. Vassdraga har frå 1920-åra av vore utnytta til kraftproduksjon, seinast med utbygging av Øvre Otta på 2000-talet. Næringslivet er i dag etter måten differensiert, med eit ikkje ubetydeleg innslag av industri i bygdesenteret Bismo.

Landskap og arealfordeling

I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom.


Arealet på 2079 km2 fordeler seg slik:

Arealtype Dekar Prosent av

totalareal

Snaufjell 1.651.050 79,4
Skogareal 173.000 8,4
Brear 124.860 6,0
Myrer 4.940 0,2
Vassdrag 100.190 4,8
Innmark 25.000 1,2
Totalt areal 2.079.040 100
Skjaak Arealtyper.jpg

Gjennom hovuddalføret renn Ottaelva, med utspring frå DjupvatnetGeirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Elva Åstra, med utspring i Liavatnet, møter Otta ved Dønfoss. Større sideelver elles er Tora frå Tordalen, Framrusta frå Raudalen, Tundra frå Tundradalen, Skjøla frå Lundadalen og Aura frå Aursjoen. Storelva Otta, og sideelvene Framrusta (Raudalsvatnet) og Aura (Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.

Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet Skim i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgste punktet er den høgste av Hestbrepiggane på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.

Klima og vekstvilkår

Klimaet i Skjåk er spesielt på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er Vass-Per.

Bygg er den kornsorten som har best vekstvilkår i Skjåk. Bygda har iallfall sidan 1600-1700-talet vore kjend vide omkring for den gode kvaliteten på byggkornet. jf. Skjåkmjøl, som blir marknadsført i våre dagar. Temperatur- og vekstsesongtilhøva inneber at ein i Skjåk kan rekne byggavl som nokså årssikker heilt opp til 700 meter over havet, iallfall i solsida. Dei fleste gardane (og heilårsbustadene elles) ligg mellom 365 og 560 meter høgde over havet. Den høgast liggjande større grenda, Bråtå, ligg opp mot vekstgrensa mellom 600 og 700 m.o.h.

Grjonbygd og skogbygd

Dei to kyrkjesokna Skjåk og Nordberg har ulikt ressurs- og næringsgrunnlag frå naturens side. Eit uttrykk for dette er at Nordberg stundom blir omtala som «skogbygda» og Skjåk som «grjonbygda» (grjon = matvarer av mjøl el. korn, korn(avling)).

I Nordberg er det betydelege areal med produktiv furuskog, eigd av Skjåk almenning. Denne delen av bygda har representert ressurstilgang i form av materialar, beite og for for gardane i båe sokna. Frå ca. 1730 har skogen også hatt kommersiell betydning ved sal av i hovudsak rundtømmer fram til 1930. Da vart det bygt eit moderne sagbruk og høvleri nær/i Bismo, og frå da av har avsetnaden dreia seg om foredla trelast. I Nordberg har svært mange av familiane livnært seg av ein kombinasjon av småbruk og skogsarbeid.

Dei beste jordbruksareala og dei største gardane finn ein i «grjonbygda» Skjåk sokn. Der har næringsgrunnlaget tradisjonelt vore dominert av jordbruket, men med viktige inntektstilskot som har falle av eigarrettar i ålmenninga. Fram til ca. 1880 eksporterte gardane betydelege mengder byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn som Lesja, Folldalen og Røros. Etter at jernbanen gjorde konkurransen frå importert korn for hard, måtte ein også i Skjåk satse meir på husdyrhaldet, mest storfehald (mjølkeproduksjon). Etter andre verdskrigen har Skjåk vorte kjent for framifrå svineavl.

Høgfjellet

Dei store høgfjellsstrekningane (nær 80 % av arealet i kommunen) har gjeve grunnlag for husdyrbeite (derunder utbreidd seterdrift), jakt og fangst, tamreindrift og turisme. I 1840-åra vart det sett i gang utvinning av krommalm på Dørkampen og Høggøymene i fjellet mot Lesja-kanten, men det vart kortvarig. I førhistorisk tid og i mellomalderen kan det ha vore utvunne noko myrmalm t.d. på Randsverk nær Sota, og kanskje noko kleberstein i det same området. Elles har det ikkje vore noko grunnlag for utnytting av malm og mineralførekomster i bygda.

Etter Høgfjellskommisjonens granskingar vart i 1922 eigedomsretten også til høgfjellsstrekningane i heile heradet, altså ikkje berre ålmenningsskogen i Nordberg, tilkjent Skjåk almenning. Høgfjellet har i det tradisjonelle landbruket vore utnytta til beite, ikkje minst i form av seterdrift. Frå 1890-åra fram til 1960-åra var det tamreindrift i Skjåk, dels i privat, dels i kommunal regi. Frå slutten av 1800-talet har høgfjellet også meir og meir danna grunnlag for turisme og andre fritidsnæringar. Pollfoss og Grotli er dei eldste turistverksemdene som har vore tufta på dette. Jakt (villrein, elg) og fiske (aure) er og har vore viktig som fritidssyssel og for matauk. Nyleg har monalege delar av høgfjellet i bygda vorte verna område som del av nasjonalparkane Reinheimen (2006) og Breheimen (2009).

Differensiert næringsliv

Frå og med fyrste verdskrigen har næringslivet vorte stadig meir differensiert. Det vart sett i gang fleire foredlingsverksemder basert på jord- og skogbruk: møller, ysteri og sagbruk. Dei viktigaste var Lom og Skjåk Dampysteri frå 1924 og Skjåk ålmennings sag- og høvleri frå 1930. Etter 1914 vart det danna fleire rutebilselskap i Skjåk og Ottadalen, og ein større bilverkstad vart etablert i Bismo i samband med dette. Mindre trevarefabrikkar og annan småindustri kom også i gang. I løpet av dei siste 30-40 åra har det kome til fleire moderne industribedrifter i Bismo, som mellom anna baserer seg på leveransar til offshoreverksemda.

Elektrisk straum kom til store delar av bygda med bygging av kraftverk i tverrelva Aura i 1919-1920. Regulering av Breidalsvatnet og Raudalsvatnet under og etter andre verdskrigen var basert på sal av vasskraft til elektrisitetsverk lenger nedover i Otta, Lågen og Glomma. Straumproduksjonen innan bygda vart auka med vidare utbygging av Aursjoen etter krigen, og den samla planen for Breheimen/Jotunheimen-utbygginga i 1973 ville ha ført til ei omfattande utbygging av vassdraga i kommunen. Resultatet vart til slutt ei utbygginga av Øvre Otta etter regjeringsvedtak i 2001.

Kjelder